Dette er ein artikkel for masseeininga pund. Pund kan også vere ein eining for pengar, sjå til dømes Britisk pund eller Isle of Man-pund
Nemninga pund er òg brukt om bismarpund
Eit pund er ei eining for mål av masse som har gått ut av bruk i Noreg, men framleis er i bruk i USA og Storbritannia.
Ordet pund kjem frå det latinske pondus som tyder vekt.
Noreg fekk felles mål- og vektsystem med Danmark ved forordning i 1683. I lov av 28. juli 1824 vart eit norsk handelspund definert som
vekta av 1/62 kubikkfot vatn.
I 1875 vart det norske pundet fastsett til 498 gram. Det svenske pundet var berre 425 gram og vart ofte kalla skålpund. Det er til tider forvirrande at også det norske pundet kunne kallast skålpund for å skilje det frå bismarpundet som tilsvarte 12 pund.
Eininga er i Det nye testamentet bruka både som måleining for masse[1] og som pengeeining.[2]
Innhaldsliste
1Pundet i ulike land
2Oppdeling
3Kjelder
3.1Referansar
Pundet i ulike land |
Preussen, kalla pfund -- 468 gram
Bayern, kalla pfund -- 560 gram
Austerrike, kalla pfund -- 561 gram
England -- 454 gram
Noreg -- 498 gram (Frå metersystemet vart innført i 1875, skal pund i eldre avtalar reknast lik 1/2 kg[3]
Sverige -- 425 gram
Bibelsk mål: 327 gram[4]
Oppdeling |
Eit pund var to merker
ei mark var 16 lodd
Eit lodd var fire kvintin
ein kvintin var fire ort
ein ort var 16 æs
ein æs var 16 grann
Eit pund som pengevekt eller som medisinvekt hadde anna vekt enn eit vanleg pund.
Kjelder |
Språknytt nr. 4 2006
Leif Halbo: Mål, vekt og norsk selvstendighet
Referansar |
↑Joh. 12,3
↑Luk. 13,2
↑Lov om metrisk Maal og Vægt (1875) (PDF)
↑Ordforklaring i Bibelen, Det Norske Bibelselskap 1978
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...