Mount Terror




Koordinatar: 77°31′S 168°32′E

























































Mount Terror
vulkan

ErebusTerror.jpg

Mount Terror (høgre) og Mount Erebus (venstre) sett frå Hut Point Peninsula på Ross Island

Land

Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis

Stad

Ross Island
 - høgd
3 262 moh [1]
 - Primærfaktor
1 728 m
 - koordinatar

77°31′S 168°32′E

Geologi

820 000-1,75 millionar år
Vulkantype

Skjoldvulkan

Lettast tilkomst
enkel snø- og isklatring
Førstestiging
gruppe frå New Zealand
 - dato
1959

Administrert under

Antarktistraktaten





Mount Terror is located in Antarktis





Mount Terror (Antarktis)




Wikimedia Commons: Mount Terror


Mount Terror er ein stor skjoldvulkan som utgjer den austlege delen av Ross Island i Antarktis. Han består av mange sinderkjegler og kuplar som sida og er stort sett dekt av snø og is. Det er den nest største av i alt fire vulkanar som utgjer Ross Island og vert noko overskugga av den større naboen, Mount Erebus, 30 km lenger aust.[2] Mt. Terror vart namngjeve i 1841 av sir James Clark Ross etter det andre ksipet hans HMS «Terror».[1] Kapteinen på Terror var Francis Rawdon Moira Crozier som var ein nær ven av Ross.




Topografisk kart av Ross Island (1:250 000 skala)


Toppen av vulkanen er ikkje studert, men det har dei lågare områda og ein har funne at alderen på bergartane her er mellom 820 000 til 1,75 millionar år gamle. Mount Terror har ikkje vist teikn til vulkansk aktivitet som er nyare enn det.


Den første stiginga av Mt. Terror vart gjort av ei gruppe frå New Zealand i 1959.


Terror Point, like nedanfor Mt. Terror, er den austlege grensa for Fog Bay, 6 km vest-nordvest for Cape MacKay på Ross Island. Namnet vart først nytta av medlemmar av Discovery-ekspedisjonen, 1901–04, og vart visstnok gjeve i samband med Mt. Terror som ligg oppom dette neste i nordaust.[3]


Terror Saddle er eit av tre markante snøskard på Ross Island, ca. 1600 m mellom Mount Terra Nova og Mount Terror. Det vart namngjeve i samband med Mount Terror, som har ei høgd på 3262 moh aust for dette skardet.


Terrorbreen er ein stor isbre mellom Mount Terra Nova og Mount Terror på Ross Island, som flyt sørover og ut i Windless Bight. Det fekk dette namnet av A.J. Heine i New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1962–63. på grunn av tilknytinga til Mount Terror.



I litteraturen |



  • Mount Terror er skansen til russiske revolusjonære monarkistar i science fiction-romanen Olga Romanoff frå 1894 av George Griffith.

  • Mount Terror og Mount Erebus er nemnde i novella «At the Mountain of Madness» av H.P.Lovecraft i 1936.

  • Mount Terror er åstad for romanen State of Fear av Michael Crichton i 2004.



Sjå òg |


  • Vulkanar i Antarktis


Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Mount Terror» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2013.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • LeMasurier, W. E.; Thomson, J. W. (eds.) (1990). Volcanos of the Antarctic Plate and Southern Oceans. American Geophysical Union. s. 512 pp. ISBN 0-87590-172-7.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)





  1. 1,01,1 «Mount Terror». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 20. mars 2013. 


  2. Geographic Names Information System (GNIS). Terror, Mount


  3. «Terror Point». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 20. mars 2013. 








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva