Antarktisplatået




Koordinatar: 77°00′S 150°00′E






















Antarktisplatået
platå

AntarcticaDomeCSnow.jpg

Det høge, flate og kalde miljøet på Antarktisplatået ved Dome C.

Land

Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis

Koordinatar

77°00′S 150°00′E


Administrert under

Antarktistraktaten





Antarktisplatået is located in Antarktis





Antarktisplatået (Antarktis)




Antarktisplatået (stundom kalla Polarplatået, Sørpolplatået og Kong Haakon VII Vidde) er eit stort område sentralt i Antarktis, med ein diameter på kring 1000 km, og som dekkj Sørpolen og Amundsen-Scott-basen. Dette platået har ei gjennomsnittleg høgd på kring 3000 moh.




Innhaldsliste






  • 1 Utforsking


  • 2 Klima


  • 3 Dyreliv


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder





Utforsking |




Flata på Antarktisplatået, ved 150E, 77S


Dette platået vart oppdaga i 1903 under Discovery-ekspedisjonen til Antarktis, som vart leia av Robert Falcon Scott. Ernest Shackleton vart den første til å krysse delar av dette platået i 1909 under Nimrod-ekspedisjonen, og måtte reise attende i dårleg vêr frå eit punkt berre 97 nautiske mil frå Sørpolen. Shackleton kalla platået King Edward VII Plateau til ære for kongen av Storbritannia. Berre to år seinare (seint i 1911) kalla Roald Amundsen platået Kong Haakon VII Vidde til ære for den nyvalgte kong Haakon VII av Noreg, då Amundsen vart den første til å nå Sørpolen i desember 1911.


Antarktisplatået vart observert og fotografert frå lufta i 1929 i eit Ford Trimotor-fly med fire menn på den første flyturen til Sørpolen og attende til kysten. Sjefspilot på denne flyturen var Bernt Balchen frå Noreg på denne ekspedisjonen leia av Richard E. Byrd frå Virginia, ein offiser i U.S. Navy, som var med på flyet. Dei andre to medlemmane var andrepiloten og fotografen.



Klima |


Den store høgda på Antarktisplatået, i lag med den høge breiddegraden og dei særs lange, mørke vintrane, gjer at temperaturen her er dei lågaste i verda dei fleste åra (liknande sentrale Sibir på den nordlege halvkula).



Dyreliv |


Dei nesten kontinuerlege iskalde vindane som bles over Antarktisplatået, særleg på vinteren, gjer tilhøva her særs ugjestmilde for liv. Det er derfor i praksis ikkje noko naturleg liv her, sjølv på mikroskopisk nivå.


Det lever ikkje pingvinar på Antarktisplatået fordi det ikkje er noko her for dei å ete. Få eller ingen fuglar flyg over Antarktisplatået og dei som kjem her har blåst inn av store stormsystem - og frys eller tørstar vanlegvis i hel. Det finst ingen landdyr i Antarktis, utanom menneske og laboratoriedyr.


Mikroskopisk liv som ein har funne på Antarktisplatået har anten vore daude eller døyande mikroorganisme som har blåse hit med vinden, eller blitt ført hit av menneske til lands eller frå lufta, eller mikroorganismar som lever i fordøyingssystemet eller blodstraumane til menneska eller dyra deira.



Sjå òg |



  • Amundsen–Scott-basen

  • Dome A


  • Dome C
    • Concordia-stasjonen


  • Dome F

  • Den austantarktiske innlandsisen

  • Gamburtsevfjella

  • Plateau-stasjonen

  • Utilgjengelegheitspolstasjonen

  • Ridge A

  • Roald Amundsen

  • Vostok-stasjonen



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Antarctic Plataeu» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mars 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:












Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva