Forsand kommune
| Forsand kommune | ||
kommune | ||
| ||
| Land | ||
|---|---|---|
Fylke | Rogaland | |
Adm.senter | Forsand | |
| Areal | 780 km² | |
| - land | 703 km² | |
| - vatn | 77 km² | |
| Folketal | 1 246 (1. januar 2018) | |
| Folketettleik | 2 / km² | |
Målform | nynorsk | |
Ordførar | Bjarte S. Dagestad (H) | |
Kommunenr. | 1129 | |
Wikimedia Commons: Forsand | ||
Nettstad: www.forsand.kommune.no | ||
Forsand er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunesenteret heiter Forsand, der dei fleste innbyggjarane bur. Jordbruk og vasskraftproduksjon er viktigaste næringsvegar.
Ferjekaia i Forsand.
Av ting som er verdt å sjå i Forsand er Preikestolen, som er eit fjellplatå om lag 600 m over Lysefjorden. Det lokale namnet er Hyvlatånnå. Lysefjorden er lang og smal med steile sider, og vart i si tid skildra av Jules Verne som særleg fryktinngytande. Namnet har fjorden etter den lyse granitten i fjellsidene. Elles er fjellmassivet Kjerag nær Lysebotn ein populær stad for basehopparar og fjellklatrarar frå mange land, med sine 1000 meter nesten loddrett ned i Lysefjorden. Her ligg Kjeragbolten, ein rund stein 3-4 meter stor, som er kilt i ein fjellsprekk ytst på Kjeragplatået.
På Forsandmoen er det funne restar etter ein landsby frå slutten av eldre jernalder, og det er bygd eit besøkssenter, kalla Landa. Her finst kopiar av hus frå jernalderen og bronsealderen. Ein meiner det har budd folk her frå om lag 1500 fvt. til om lag år 600. Eit par kilometer frå Landa ligg ei endemorene i sørenden av Haukalivatnet. Det var denne morenen som om lag 1823 fekk professor Jens Esmark til å setja fram teorien om at heile Skandinavia hadde vore dekt av is.
Folk frå Forsand |
Pilt-Ola (1779-1858), mangesyslar
Inge M. Lyse (1898-1990), bygningsingeniør
Ole Tom Guse f. 1968, ordførar 2007-15
Bakgrunnsstoff |
- Forsand kommune
Kommunar i Rogaland | ||
|---|---|---|
| ||
|