Stillehavet er eit av verdshava. Med ei flatevidd på om lag 180 millionar km² (med randhav) dekker det halvparten av havflata i verda, og er dermed det aller største havet. Stillehavet grensar mot Sørishavet i sør og møter Polhavet i nord gjennom Beringsundet. Det var Fernando Magellan som gav havet namnet sitt då han runda sørspissen av Amerika i 1521 og opplevde eit svært roleg hav.
Innhaldsliste
1Land i Stillehavet
2Djupner
3Havstraumar
4Bakgrunnsstoff
Land i Stillehavet |
Stillehavet er omkransa av kontinenta Asia, Amerika og Australia. Det har òg eit utal spreidde småøyar som er danna av vulkanar eller korallrev. Saman med større øyar og det australske kontinentet utgjer desse verdsdelen Oseania.
Djupner |
Stillehavet har store djupner, store delar av det når ned 4 000 meter under havet. Øyane i
havet ligg oppå smale vulkanske ryggar som ofte har svært djupe renner ved sida av seg. Rennene kan vera frå 5 000 til 11 000 meter djupe frå havoverflata. I ei av dei finn med det lågaste punktet i havet, Marianegropa, som ligg 10 924 m under havet.
Havstraumar |
Kalde straumar austover, som Californiastraumen og Perustraumen, gjer den austre delen av havet kaldare enn den vestre. Varme ekvatorialstraumar vestover gjer at overflatetemperaturen i denne delen kan nå 30 °C.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...