Hæren




For andre tydingar av oppslagsordet, sjå hær.
































Hæren
Norwegian army coat of arms.svg
Land
Noreg
Aktiv 1628[1]–no
Grein Hæren
Rolle Armé
Storleik 8 800 soldatar og offiserar
Garnison/HK
Bardufoss
Motto Respekt, ansvar, mot

Hæren er den største av fire forsvarsgreiner i det norske forsvaret, med om lag 9000 soldatar. Hæren er også den eldste militære greina i Noreg, som vart offisielt grunnlagt i vinteren 1628 av kong Christian IV.[2] Hæren har hovudansvaret for suverenitet over det norske landterritoriet. Geografisk sett er Hæren plassert i nord og sør. I nord har Hæren sin hovudstyrke, Brigade Nord, i Sør-Troms og grensevakt i Aust-Finnmark. I sør har Hæren ein hovudstyrke ved Østerdalen garnison og i Oslo, med ei rekke ulike avdelingar.[1] Den største og viktigaste avdelinga til Hæren er Brigade Nord, med om lag 5000 soldatar.[3][4] Hovudoppgåva er først og fremst å sikra eit statleg landforsvar for Noreg. Hæren skal òg bidra til Forsvarets krigsførebyggande rolle og krisehandtering gjennom å forhindra og motstå militære åtak. Ved krig, konfliktar, krisar eller eventuelle katastrofar skal Hæren sikra mottak av og samvirka saman med allierte styrkar i gjenopprettinga av territoriell integritet.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Vikingtid og høgmellomalder


    • 1.2 Seinmellomalder


    • 1.3 Danmark-Noreg


    • 1.4 Den andre verdskrigen


    • 1.5 Krigsførebyggande brigade i Tyskland


    • 1.6 Den kalde krigen


    • 1.7 Nedrusting og modernisering




  • 2 Avdelingar


    • 2.1 Brigade Nord


    • 2.2 Utdanningsinstitusjonar


    • 2.3 Øvrige beredskapsstyrkar




  • 3 Garnisonar


    • 3.1 Nord


    • 3.2 Sør




  • 4 Sjå òg


  • 5 Materiell


    • 5.1 PBU


    • 5.2 Handvåpen


    • 5.3 Artilleri og missilar


    • 5.4 Pansra køyretøy


    • 5.5 Andre køyretøy




  • 6 Rangsystem


  • 7 Våpenartar


  • 8 Kjelder


    • 8.1 Fotnotar


    • 8.2 Litteratur







Historie |


For meir om dette emnet, sjå Norsk militærhistorie



Vikingtid og høgmellomalder |




Leidangen til jarl Håkon Sigurdsson og jarl Eirik Håkonsson i kamp mot hæren til Danmark ved Hjørungavåg i 986. Illustrasjon av Halfdan Egedius (1899).


Offisielt vart Hæren stifta som ein moderne armé og militærorganisasjon i 1628. Militære ordningar kan likevel sporast heilt tilbake til vikingtida. Ulike høvdingar hadde eigne krigsmenn for forsvar og okkupasjon. Mellom 866 og 872 la Harald Hårfagre store delar av Noreg under seg med ein militær landsstyrke. Kongens nærmaste var tidleg organisert i hirda; delar av hirda bestod av yrkessoldatar og kongen sine livvaktar.[2] Harald Hårfagre krona seg til konge av Noreg, og styrte dei sørlege delane av Noreg til 930-talet, då Eirik I Blodøks overtok makta ein kort periode. Desse kongane kunne legitimera sitt eige regime med hirda, ein personleg væpna styrke. Etterfylgjaren Håkon den gode måtte ta i bruk militærstyrkane sine då han kom i konflikt med høvdingar frå Trøndelag på 950-talet. Kong Håkon I innførte òg leidangen, i områda knytt til Gulatinget og Frostatinget.[5][6][7] Leidangen var ei forsvarsordning kor den regjerande kongen kunne beordra frie bønder, fiskarar og byfolk til militærteneste, i form av å utrusta skip eller til å stilla til krig. Dersom kongen trong militære styrkar til å forsvara riket hadde han rett til å kalla ut leidangen. Naturleg nok vart leidangen nytta til å handheva kongens suverenitet.[2] Kong Håkon måtte fleire gongar verja kongeriket mot Eirikssonane: I 954 vann han eit slag ved Avaldsnes på Karmøy med ein hær beståande av tenestegjerande bønder. Bruken av statleg militærmakt vart ikkje redusert utover 1000-talet. Olav I Tryggvason brukte hæren sin til å kristna store delar av Noreg.[8] Kong Olav I og store delar av hæren falt ved slaget ved Svolder i år 1000.[9]




Under vikingtida var det sjeldan at Noreg hadde ein statleg hær; militære styrkar var heller knytt til kongar. På 1100-talet fór Sigurd Jorsalfare med ein hær på 5000 mann til Jerusalem. Store delar av krigsutbyttet lét han vera i Konstantinopel.




Under kong Håkon Håkonsson roa konfliktane seg. Han gjenetablerte ein nasjonal hær utover 1200-talet. På 1270-talet kunne kongen henta tenestemenn frå Noregs fire lovområde: Frostatinget, Gulatinget, Borgartinget og Eidsivatinget. Desse hadde utvikla militære strukturar. Under kong Magnus Håkonsson si landslov vart militærordninga også innlemma i lovverket. Blant anna fekk elitesoldatane i hirda privilegium. Norske elitesoldatar lét seg verva til leigesoldatar i England og Bysants.[2]



Seinmellomalder |


Frå 1200-talet til 1500-talet var hirda ikkje berre kongens nærmaste tenestemenn, dei var òg militærapparat som hevda rettar og suverenitet både innan- og utanlands.[5] Leidangen var likevel mest sentral i det norske militærorganisasjonen i mellomalderen. I 1273 vart ei ny militærordninga sett i verks, kor hirda og leidangen vart supplert av elitesoldatar stilt av storbønder.[2] Noreg fekk altså eit føydalt system.


På 1350-talet, då Svartedauden hadde herja landet, stod Noreg svakt. 60 % av folkesetnaden vart ofre for pesten.[10] I 1355 overtek Håkon VI Magnusson trona, den andre norske kongen av den svenske Folkungaætta. Kong Håkon regjerer både i Noreg og Sverige til 1380. Den svensk-norske kongefellesskapen tok slutt i 1380 då Danmark okkuperte både Götaland og overtok den norske trona.[11] Under den danske okkupasjonen og i Kalmarunionen hadde ikkje Noreg ein hær; det var Danmark som administrerte dei militære styrkane. Norske leigeknektar på dei norske festningane hadde ansvaret for å forsvara landet på 1400-talet. Hundre år seinare kjem leidangen i bruk då Danmark-Noreg gjekk til åtak på Sverige i den nordiske sjuårskrigen i 1563.[2]



Danmark-Noreg |





Christian IV etablerte den norske hæren i 1628.


Norske bygder vart lovpålagt våpenplikt i 1604, slik at unionen kunne ta i bruk styrkar av norske bønder i tillegg til den danske hæren for å beskytta seg mot Sverige. Kong Christian IV etablerte den moderne norske hæren gjennom hærordinansen av 18. januar 1628. Avgjerda om å etablera ein norsk militær institusjon var eit direkte følge av den mislukka dansk-norske krigføringa mot Det tyske keisarriket under Trettiårskrigen i 1625.[2][12] Denne armeen baserte seg på ein såkalla legdshær, som inneber at utskrivinga var knytt til jordeigedom: Fire gardar, som utgjorde éin legd, hadde ansvaret for å halda éin soldat med kost og utstyr.[2][5]


Christian IV frykta at tyske soldatar skulle invadera Noreg, og ville sikra seg for militært overfall. Men kort tid etter, i 1629, stansa planlegginga av hæren opp, då det vart fred mellom Danmark-Noreg og Det tyske keisarriket.[2][13] Under hærordninga av 1641 vart den norske hæren reetablert. I motsetnad til Danmark-Noreg, hadde Sverige stor suksess under Trettiårskrigen. Hærordinansen frå 1628 regulerte fleire forhold ved organiseringa av legdshæren; troppane vart oppsett i regiment og kompani. Fem regiment skulle opprettast:



  • Trondhjemske regiment

  • Bergenshusiske regiment

  • Tunsbergske regiment

  • Akershusiske regiment

  • Båhusiske regiment


I tillegg vart 4 faner oppretta utanfor regimentforbandet: Stavangerske frie fane og Agdersiden frie fane. Desse danna i 1641 grunnlag for eit sjette regiment, Stavangerske regiment.[2] I 1645 bestod den norske hæren av 10 000 mann. Sidan regimenta var knytt til distrikta, vart Hæren ein lokal institusjon, med forankring og rekruttering frå nærområda. Dei seks regimenta i Hæren bestod hovudsakleg av infanteri; andre våpengreiner kom noko seinare, først eit nasjonalt kavaleri i 1663 og artilleri i 1658.



Den andre verdskrigen |



Krigsførebyggande brigade i Tyskland |


For meir om dette emnet, sjå Tysklandsbrigaden



Den kalde krigen |



Nedrusting og modernisering |



Avdelingar |


Hæren er samansett av mange ulike avdelingar; mange av desse er utdanningsinstitusjonar, medan det er kampavdelingane som utgjer den største delen. Hæren består av 4 kampavdelingar: Hans Majestet Kongens Garde, Garnisonen i Sør-Varanger, Panserbataljonen, 2. bataljon og Telemark bataljon.



Brigade Nord |







Manøverbataljonar


  • Panserbataljonen

  • 2. bataljon

  • Telemark bataljon




Støttebataljonar


  • Artilleribataljonen

  • Etterretningsbataljonen

  • Ingeniørbataljonen

  • Sambandsbataljonen

  • Sanitetsbataljonen

  • Stridstrenbataljonen





Utdanningsinstitusjonar |



  • Hærens befalsskole

  • Krigsskolen

  • Forsvarets vinterskole

  • Hærens taktiske treningssenter



Øvrige beredskapsstyrkar |



  • Hans Majestet Kongens Garde

  • Garnisonen i Sør-Varanger







Garnisonar |



Nord |




  • Heggelia leir i Bardufoss i Indre Troms er leiren til Sambandsbataljonen. Ved Heggelia finn ein òg Hærstaben og Brigadestaben.


  • Høybuktmoen utanfor Kirkenes i Aust-Finnmark er standkvarteret til grensejegerane (GSV).


  • Rusta leir ligg like ved Heggelia leir i Målselv kommune. Stridstrenbataljonen og nokre avdelingar frå Luftforsvaret held til her.


  • Setermoen garnison er den største militærbasen til Hæren.



Sør |



  • Rena leir i Østerdalen er Noregs mest moderne leir. Rena husar mange ulike avdelingar i Hæren. Brigade Nord sine avdelingar er størst representert: Telemark bataljon, Sanitetskompani 3, Kanonbatteri Piraya og eit transportkompani frå Stridstrenbataljonen. Hærens jegerkommando held også til ved Rena leir.





  • Heistadmoen (Kongsberg)


  • Huseby leir (Oslo)


  • Kolsås leir (Bærum)




  • Rena leir (Rena)


  • Jørstadmoen (Lillehammer)


  • Sessvollmoen (Gardermoen)


  • Terningmoen (Elverum)


  • Bardufoss (Målselv)


  • Setermoen (Bardu)


  • Skjold (Tidl. Maukstadmoen og Holmen Leir, Målselv)


  • Porsangmoen (Porsanger)


  • Rusta leir (Bardufoss)


  • Heggelia leir (Bardufoss)



Sjå òg |


  • Nedlagte militærleirar


Materiell |


Materiellet i Hæren er veldig variert; noko er veldig moderne og



PBU |


(PBU)



Handvåpen |




  • Glock 17, pistol (9 x 19 mm)


  • USP, pistol (9 x 19 mm)




  • Heckler & Koch MP7, maskinpistol (4,6 × 30 mm)


  • MP-5, maskinpistol (9 x 19 mm)




  • Heckler & Koch HK416, automatgevær (5,56 × 45 mm)


  • AG-3, automatgevær (7,62 × 51 mm)


  • Diemaco C8, automatgevær (5,56 × 45 mm)


  • G36, automatgevær (5,56 × 45 mm)




  • Heckler & Koch HK417, skarpskyttarrifle (7,62 × 51 mm)


  • NM149, skarpskyttarrifle (7,62 × 51 mm)


  • MØR, skarpskyttarrifle (12,7 x 99 mm)




  • FN Minimi, maskingevær (5,56 x 45 mm)


  • MG-3, maskingevær (7,62 × 51 mm)


  • M-2 Browning, mitraljøse (12,7 x 99 mm)



Artilleri og missilar |




  • Eryx, panservernrakett


  • TOW, panservernrakett


  • RFK, panserverngranat



  • M-72, panservernrakett


Pansra køyretøy |




  • CV9030N, stormpanservogn


  • Leopard 1, stridsvogn


  • Leopard 2, stridsvogn


  • Sisu, pansra personelkjøretøy


  • M-113, pansra personelkjøretøy


  • M-577, pansra personelkjøretøy (hovudkvarterversjon)


  • M-109, pansra sjølvdrive artilleri



Andre køyretøy |




  • Mercedes Benz Geländewagen, mange forskjellige versjonar i bruk, mest vanleg er MB 240.

  • Landrover


  • Scania lastebilar, fleire modellar.

  • Lynx 5900 og 6900 snøscotarar.


  • BV 206, beltevogn





Rangsystem |


  • Sjå Militære gradar


Våpenartar |



  • Kamp

    • Infanteri

    • Kavaleri

    • Artilleri

    • Luftvernartilleri borte 2005



  • Leiing og støtte

    • Ingeniørvåpen

    • ISTAR



  • Logistikk

    • Hærens samband

    • Hærens transportkorps

    • Hærens intendantur

    • Hærens våpentekniske korps

    • Hærens sanitet





Kjelder |



Fotnotar |





  1. 1,01,11,2 Leraand, Dag; Rein, Torolf (2015), «Hæren», Store Norske Leksikon, henta 23. oktober 2015 


  2. 2,02,12,22,32,42,52,62,72,82,9 Leraand, Dag (2015), «Hærens historie», Store Norske Leksikon, henta 22. oktober 2015 


  3. ««Hæren»». Forsvarets mediesenter. Henta 21. oktober 2015.  Parameteren |date= er ikkje støtta av malen. Meinte du |dato=?) (hjelp)


  4. Jakobsen, Rune m.fl. (13. september 2009), «Brigade Nord – en illusjon?», Offisersbladet, henta 20. desember 2014 


  5. 5,05,15,2 ««Forsvarets historie»». Forsvarets mediesenter. Henta 27. oktober 2015.  Parameteren |date= er ikkje støtta av malen. Meinte du |dato=?) (hjelp)


  6. ««Håkon 1 Adalsteinfostre»». Store Norske Leksikon. Henta 25. oktober 2015.  Parameteren |date= er ikkje støtta av malen. Meinte du |dato=?) (hjelp)


  7. Andersen, Per Sveaas (10. februar 2015), «Leidang», Store Norske Leksikon, henta 24. oktober 2015 


  8. Bagge, Sverre (1956), «Helgen, helt og statsbygger – Olav Tryggvason i norsk historieskrivning gjennom 700 år» (PDF), Institutt for Arkeologi, Historie, Kultur- og Religionsvitenskap, Universitetet i Bergen, henta 25. oktober 2015 


  9. Krag, Claus (2009), «Olav 1 Tryggvason», Norsk biografisk leksikon, henta 25. oktober 2015 


  10. Amoriza, Silje Een de; Madsen, Sigv. Tschudi (2015), «Svartedauden», Store Norske Leksikon, henta 28. oktober 2015 


  11. Orning, Hans Jacob (2015), «Norges historie», Store Norske Leksikon, henta 27. oktober 2015 


  12. Lockhart, Paul Douglas (2007). Denmark, 1513–1660: the rise and decline of a Renaissance monarchy. Oxford University Press. s. 166. ISBN 0199271216. Henta 24. januar 2012. 


  13. Lockhart, Paul Douglas (2007). Denmark, 1513–1660: the rise and decline of a Renaissance monarchy. Oxford University Press. s. 170. ISBN 0199271216. Henta 24. januar 2012. 




Litteratur |








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva