Ávjovárri valkrins

Multi tool use
Ávjovárri valkrins (nordsamisk: Ávjovári válgabiire, bokmål: Ávjovárri valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 2. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførde i manntalet til Sametingsvalet. I 2005 var det 3 521 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]
Krinsen femner kommunane Karasjok, Kautokeino og Porsanger.[1]
Det skal ved valet i 2009 veljast inn ni sametingsrepresentantar frå krinsen.[2][3] I Sametingsperioden 2009-2013 skal tinget ha til saman 39 representantar.
Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[3] Ávjovárri valkrins tilsvarar dei to tidlegare krinsane Karasjok valkrins, som tilsvarte Karasjok kommune, og Kautokeino valkrins som tilsvara Kautokeino kommune, i tillegg til Porsanger kommune som tidlegare var del av Porsanger valkrins.[2]
Parti og vallister som stiller til Sametingsvalet i 2009 i Ávjovárri valkrins |
Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2009 i krinsen.[4][5]
- Árja
- Arbeidarpartiet
- Fastboendes liste
- Flyttsamelista
- Framstegspartiet
- Høgre
- Kristeleg Folkeparti
- Norske Samers Riksforbund
- Samefolkets parti
- Senterpartiet
- Venstre
Referansar |
↑ 1,01,1 Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no
↑ 2,02,12,2 Sametingsvalget 2009: «Ávjovári válgabiire/Ávjovári valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen
↑ 3,03,1 «Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget
↑ «Sametingsvalget - Her er alle kandidatene» på nettstaden til NRK Sameradioen
↑ Vallistene frå Ávjovárri valkrins til Sametingsvalet 2009 på nettstaden til Det norske sametinget
Bakgrunnsstoff |
FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget på nettstaden lovdata.no
Sametingsvalget 2009 – Rundskriv om endringer i valgbestemmelsene i sameloven og forskrift om valg til Sametinget på nettstaden til Den norske regjeringa
Valkrinsar ved Sametingsvala
|
Austre · Ávjovárri · Nordre · Gáisi · Vesthavet · Sørsamisk · Sør-Noreg
|
 |
3qCgA30sRDc6n
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...