Kiryat Gat




Koordinatar: 31°36′22″N 34°46′18″E



















































Kiryat Gat

קִרְיַת גַּת, Qiryat Gat
by

PikiWiki Israel 16194 kiryat gat.jpg







flagg



Våpenskjold


Land

Flag of Israel.svg Israel

Distrikt

Det sørlege distriktet

Koordinatar

31°36′22″N 34°46′18″E

Areal
17,102 km²

Folketal
48 275 (2012) [1]
Folketettleik

2 823 / km²


Grunnlagd

1955
Borgarmeister
Aviram Dahari




Israel location map.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Kiryat Gat

Nettstad: www.qiryat-gat.muni.il


Kiryat Gat (hebraisk skrift קִרְיַת גַּת) er ein by i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg 56 km sør for Tel Aviv, 43 km nord for Beersheba og 68 km frå Jerusalem. Mot slutten av 2012 hadde byen 48 275 innbyggjarar.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Etymologi


  • 2 Historie


  • 3 Venskapsbyar


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Etymologi |




Busetnaden Gat, aust for Gaza-vegen, grunnlagd i 1941. Foto frå 1946


Kiryat Gat er kalla opp etter Gath, ein av dei fem store byane til filistrane. På hebraisk tyder gat «vinpresse». I 1950-åra fann arkeologar ruinane på ei høgd i nærleiken, som vart feilaktig rekna som den filistinske byen Gath. I seinare år har kome med fleire forslag til kvar plasseringa av den gamle byen var. Somme trur han kan ha lege 13 km nordaust ved Tel es-Safi, men det mest aksepterte synet i dag er at den bibelske Gath låg der Ramla no ligg, basert på jødiske segner frå mellomalderen skrive ned av Ishtori Haparchi.[2] Gath var heimbyen til den bibelske kjempa Goliat.[3]



Historie |


Kiryat Gat vart grunnlagd i 1955 som ein utviklingsby av 18 familiar frå Marokko.[4] Han ligg på landområde som tidlegare høyrte til landsbyen Iraq al-Manshiyya, som vart avfolka i 1948.[5] Folketalet steig frå 4 400 innbyggjarar i 1958 til 17 000 i 1969, hovudsakleg jødiske immigrantar frå Nord-Afrika. Økonomien var først basert på handsaming av jordbruksprodukt frå Lachish-området, som bomull og ull. I desember 1972 fekk Kiryat Gat bystatus.[6]


I 1990-åra kom det ein masseimmigrasjon av sovjetiske jødar til Israel, og folketalet i byen auka til 42 500 i 1995.[7] Utviklinga av Rabin industriområde aust i byen og opninga av hovudveg 6, har gjort godt for økonomien i byen.



Venskapsbyar |


Kiryat Gat er venskapsby med:




  • Det amerikanske flagget Buffalo i USA


  • Flagget til Serbia Kruševac i Serbia (1990)


  • Det amerikanske flagget Chicago i USA (2002)



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Kiryat Gat» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Khalidi, Walid (1992). All That Remains. Washington D.C.: Institute for Palestine Studies. ISBN 0-88728-224-5. 





  1. ↑ 1,01,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 12. april 2015. 


  2. ↑ Ishtori Haparchi, Kaphtor u'ferach, vol. II, chapter 11, s.v. ויבנה בארץ פלשתים, (3rd edition) Jerusalem 2007, s. 78 (hebraisk); Carta's Official Guide to Israel, Jerusalem 1983, s.v. Ramla; Encyclopaedia of Eretz Yisrael, s.v. גת (hebraisk); Michael Avi-Yonah, The Madaba mosaikk Map, Jerusalem 1954, s. 63


  3. ↑ Vilnay, Zev (1970). The Guide to Israel. Jerusalem i Israel: Hamakor Press. s. 250. 


  4. ↑ «Partnership 2000, Kiryat Gat». Jewish United Fund. Henta 6. september 2015. 


  5. ↑ Khalidi (1992), s. 108


  6. ↑ Ed. Cecil Roth (red.). «Kiryat Gat». Encyclopaedia Judaica (CD-ROM Edition Version 1.0). Keter Publishing House. ISBN ISBN 965-07-0665-8 Check |isbn= value: invalid character (hjelp). 


  7. ↑
    «Kiryat Gat- Municipality Profile» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2005. Henta 4. oktober 2014.  (he)







Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kiryat Gat



  • Offisiell nettstad (he)

























Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

Riksmekleren