Jølster kommune


































































Jølster kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sogn og Fjordane


Adm.senter

Skei

Areal
670 km²
 - land
621 km²
 - vatn
49 km²

Folketal
3 043 (1. januar 2018)
Folketettleik

5 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Oddmund Klakegg (Sp)


Kommunenr.
1431




NO 1431 Jølster.svg




Wikimedia Commons: Jølster

Nettstad: www.jolster.kommune.no


Jølster er ein kommune i Sogn og Fjordane og ligg i Indre Sunnfjord. Det er to tettstadar i Jølster; Vassenden og Skei. Vassenden er i nyare tid den største av dei to, noko som truleg kjem av nærleiken til byen Førde. Skei er kommunesenteret, men ligg lengre unna større senter og har eit mindre tilfang av innflyttarar.


Det høgste fjellet i kommunen heiter Snønipa og er 1 827 meter høgt. Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen krinsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg om lag 200 moh. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket «jolmster» som tyder bråk og larm.


Kommunen grensar i nord til Gloppen og Stryn, i aust til Luster og Balestrand, i sør og i vest til Førde, og i nordvest til Naustdal.


Ein person som kjem frå Jølster vert kalla jølstring.




Måleriet «Soleienatt» av Nikolai Astrup. Biletet er målt i fleire versjonar og har motiv frå Jølster.




Innhaldsliste






  • 1 Geografiske og politiske skiljeliner


  • 2 Politikk


  • 3 Næringsliv


  • 4 Grender i Jølster


  • 5 Folketalsutvikling


  • 6 Kjende jølstringar


    • 6.1 Kunst og kultur


    • 6.2 Politikarar


    • 6.3 Historiske skikkelsar


    • 6.4 Ordførarar




  • 7 Bakgrunnsstoff


  • 8 Arkiv frå Jølster kommune - i Arkivportalen.no


    • 8.1 Litteratur


    • 8.2 Les òg




  • 9 Fotnotar





Geografiske og politiske skiljeliner |


Då tettstaden Vassenden ligg i den nedre (vestlege) delen av bygda og Skei ligg i den indre (austlege) delen, snakkar ein ofte om Indrebygda (soknar til Skei) og Nedrebygda (soknar til Vassenden). Denne skiljelina er heilt grunnleggande, då ein allereie i seksårsalderen vert gruppert til ein av dei to barne- og ungdomsskulane i kommunen; anten på Skei eller på Vassenden.


Denne skiljelina er òg ei tradisjonell politisk konfliktline, som mellom anna har ført til at ein tidlegare berre hadde to bygdelister ved kommunevalet, ei for kvart kyrkjesokn. Desse listene er ikkje lenger i bruk, men førte mellom anna til ein tradisjon i dei største partia i kommunen om å sørgje for god representasjon av personar med postnummer frå begge hovudbygdene (Skei og Vassenden).


Ein kan sjå at målet i Indrebygda ber preg av å vere påverka av nordfjordsmål, medan målet i Nedrebygda er påverka frå Førde-regionen. (Les: Jølstramål)


Eit anna geografisk uttrykk som ofte vert nytta er Sørsida, som er eit namn på grendene på den sørlege sida av Jølstravatnet. Riksvegen går på den nordlege sida av vatnet.



Politikk |


Senterpartiet er det dominerande partiet i kommunestyret med 9 av 25 representantar. Like etter følgjer Arbeidarpartiet (fem representantar), Venstre (fire representantar) og Framstegspartiet (to representantar). Høgre, Kristeleg Folkeparti og SV er òg representerte i kommunestyret.



Næringsliv |


Dei største næringane i kommunen er jordbruk, turisme og byggeverksemd. I tillegg er Jølster ein kraftkommune med eit stort kraftverk i Stakaldefossen og eit nytt kraftverk under utbygging (pr. 2005) i området rundt Kjøsnesfjorden.


Jordbruket i Jølster har lange og gamle tradisjonar, men meir overraskande er det nok at turismen òg har eit historisk fotfeste i området. Dei to hotella på Skei og Vassenden dukka opp rundt hundreårskiftet mellom 1890 og 1910, men lenge før den tid har ein drive skysstasjonar og breføring for spenningssøkande turistar som skulle utforske den norske fjellheimen eller ta seg opp på breen. Tradisjonane held seg, og eit klart fleirtal av føretaka i kommunen driv i dag med turisme, men då hovudsakleg overnatting og camping.


Byggeverksemda er ein nykommar i næringslivet til samanlikning med dei to andre, og har kome i kjølvatnet av utviklinga av byen Førde som regionalt handlesenter.



Grender i Jølster |




Utsikt frå Eikåsnipa mot Jølstravatnet.
Foto: Sindre Skrede (2017)




  • Vassenden

  • Skei


  • Førs (Førde i Jølster)

  • Ålhus

  • Myklebust

  • Stardalen

  • Sandalen

  • Eikås

  • Dvergsdal

  • Svidal



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for Jølster kommune frå 1920:



























1.12.1920[1]
1.12.1930[2]
3.12.1946[2]
1.1.1951[3]
1.1.1961[3]
1.1.1971[3]
1.1.1981[3]
1.1.1991[3]
1.1.2001[3]
1.1.2010[3]
2887a
2906a
2925a
2813a
2630a
2558
3002
2990
2968
2981


aTalet omfattar ikkje grunnkrinsen Førde, som var del av gamle Breim kommune fram til 1964, då han vart overført til Jølster kommune. Dette området hadde då 38 innbyggjarar.


Kjende jølstringar |




Bilete av den unge prestesonen Nikolai Astrup, saman med faren.



Kunst og kultur |




  • Cathinka Lind (1845-1943), kunstvevar, fødd i Vik i Sogn.


  • Nikolai Astrup (1880-1928) vart fødd i Bremanger, men voks opp i Jølster, der faren var prest. Nikolai Astrup er rekna som ein av dei største norske kunstnarane frå tidleg 1900-tal, og fleire av bileta has er selde på auksjonar for kring 4 millionar kroner.


  • Ludvik Eikaas (f. 1920) vart fødd på Eikås i Jølster. Han vert rekna som ein svært sentral kunstnar i siste halvdelen av 1900-talet grunna arbeidet has med måling, skulpturar og særleg grafikk. Vart professor på Kunstakademiet i Oslo i 1970. Fekk eit eige kunstmuseum, Eikaasgalleriet oppkalla etter seg då han gav ei stor samling kunst til kommunen.


  • Audhild Viken (1915-2000) kjem frå Skei i Jølster. Ho tufta bedrifta Audhild Vikens Vevstove, som spesialiserar seg på sal av tradisjonelt norsk handverk og suvenirar.


  • Sigmund Eikaas (f. 1947), prisvinnande hardingfele-spelemann frå Jølster. Tidlegare leiar i Landslaget for spelemenn.


  • Linda Øvrebø (f. 1966), operasongarinne frå Jølster kommune.


    Audun Hugleikson sitt segl. Ein kan òg sjå merket på ein minnestein om Hugleikson som er reist utanfor bygdehuset Borgja på Ålhus i Jølster.




  • Oddleiv Apneseth (f. 1955), prisvinnande fotograf, tilsett i Bergens Tidende.



Politikarar |




  • Atle Hamar (f. 1963) frå Vassenden i Jølster er direktør i Lotteritilsynet og Venstrepolitikar. Han er tidlegare leiar i Unge Venstre (1988-1990). Han er òg medlem i Jølster kommunestyre og fylkestinget i Sogn og Fjordane.


  • Ottar Befring, fylkesmann i Møre og Romsdal, er frå Stardalen i Jølster.



Historiske skikkelsar |



  • Audun Hugleikson (f. kring 1240), baron og stormann i kongeriket Noreg på 1200-talet, kom frå Jølster, der Audun Hugleiksonspelet går annankvart år med skodespelarar som t.d. Bjørn Sundquist.


Ordførarar |













































Ordførarar i Jølster

1838-1842
Thor Hanson
Veiteberg


1842-1844
Samuel N.
Dvergsdal


1844-1848
Anders E. J.
Aalhus

1848-1856
M. S. T.
Fasting


1856-1858
Samuel N.
Dvergsdal


1858-1861
Anders E. J.
Aalhus

1862-1864
Ludv. G.
Klakegg

1864-1872
Nils O.
Øvrebø


1872-1874
Anders K.
Myklebust


1874-1876
Anton K.
Øygard


1876-1878
Bendikt J.
Nedrebø

1878-1880
Anders K.
Myklebust

1880-1890
Sjur B.
Heggheim

1890-1892
Ole O.
Viken

1892-1899
Nils S.
Dvergsdal

1899-1911
Sjur B.
Heggheim

1911-1920
T. H.
Veiteberg

1920-1929
Ludv. D.
Klakegg

1929-1937
Nils O.
Øvrebø

1937-1942
A. K.
Øygard

1945-1951
A. K.
Øygard

1952-1965
Nils J.
Helgheim

1966-1973
Erling
Slåtten

1974-1981
Sverre P.
Befring

1982-1985
Anders
Helgheim

1986-1987
Arne
Sandnes

1988-1991
Normann
Aarseth

1992-1995
Knut O.
Øygard

1996-2011
Gerd
Dvergsdal

2011-
Oddmund
Klakegg


Bakgrunnsstoff |


  • Jølster kommune


Arkiv frå Jølster kommune - i Arkivportalen.no |



  • Kommunale arkiv

  • Privatarkiv

  • Statlege arkiv



Litteratur |



  • Finn Borgen Førsund - JØLSTER. Hundre år med bygd og bank.

    • ISBN 82-91722-18-8 -- Selja Forlag



Les òg |



  • Jølstramålet

  • Vassenden i Jølster

  • Skei i Jølster




  • Fylkesleksikonet: Jølster (NRK)


  • Kommunefakta: Jølster (SSB)


  • Alle nettstadane frå Jølster (Open Directory Project)


  • Jølster Kommune (Offisiell nettstad)


  • Dagogtid.no: Dersom Gaza låg i Jølster (Kommentar)



Fotnotar |





  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  2. 2,02,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  3. 3,03,13,23,33,43,53,6 Folkemengd i Jølster 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå






















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva