I Noreg er ein fylkesveg er ein bilveg i fylkeskommunal eige som vert vedlikehalden av Statens vegvesen.
Fylkesvegane vert nummererte innan kvart fylke. Det medfører at fleire fylkesvegar kan ha same nummer - ein for kvart fylke. Oslo og Moskenes kommunar har ingen fylkesvegar. I Trondheim var fylkesvegane som eit forsøk nedklassifisert til kommunale vegar og vart drivne av Trondheim Bydrift frå 2004 til 2007. Frå 1. januar 2008 har desse vegane igjen status som fylkesvegar.[1][2]
Det var i 2010 i alt 27 281 km fylkesvegar i Noreg. Dette utgjorde 29,2 % av dei 93 347 km offentlege vegane i Noreg. Første januar i 2011 vart 17 000 km riksvegar overført frå staten til fylka. Etter denne reforma var fylkesvegane til saman 44 281 km. Nordland er fylket med lengst fylkesvegstrekning, totalt 4 111 km. Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag har meir enn 3000 km fylkesvegar. .[3]
Ordninga med riks-, fylkes- og bygdevegar (seinare kommunale vegar) vart innførd i 1931. Frå 1912 hadde vegane vore inndelde i hovudvegar og bygdevegar.
Innhaldsliste
1Delen fylkesvegar med fast dekkje[4]
2Kjelder
3Andre nettstader
4Sjå òg
5Bakgrunnsstoff
Delen fylkesvegar med fast dekkje[4] |
Akershus: 90 %
Aust-Agder: 84 %
Buskerud: 98 %
Finnmark: 100 %
Hedmark: 61 %
Hordaland: 100 %
Møre og Romsdal: 80 %
Nordland: 72 %
Nord-Trøndelag: 44 %
Oppland: 80 %
Oslo: Ingen fylkesvegar
Rogaland: 97 %
Sogn og Fjordane: 100 %
Sør-Trøndelag: 62 %
Telemark: 89 %
Troms: 78 %
Vest-Agder: 64 %
Vestfold: 100 %
Østfold: 76 %
Kjelder |
↑NUUG kart: Fylkesveger i Trondheim (1. februar 2008)
↑Trondheim kommune: Saksframlegg Fylkesvegplan 2008-2011 med budsjett 2008 (23. april 2007)
↑Statistisk sentralbyrå: Tabell 415: Offentlige veier etter fylke 1. januar 2010 Merk: I tala er medrekna gatenettet i byane. For kommunale vegar er ikkje tala oppdaterte for alle kommunane.
↑Dagbladet (papirutgåva): «Mangler vedlikehold for 40 mrd. kr». (Publisert 21. august 2007). Kjelder for artikkelen: NAF, Statistisk sentralbyrå, Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Opplysningsrådet for Veitrafikken.
Andre nettstader |
Statens vegvesen: Veglister
Sjå òg |
Riksveg
Bakgrunnsstoff |
Denne artikkelen byggjer på «Fylkesvei» henta frå Wikipedia på bokmål 6. september 2008.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...