Fylkesveg 258 (Fv258) eller nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen går mellom Grotli i Skjåk og Ospeli bru i Stryn. Vegen stod ferdig i 1894. Vegen var opphavleg hovudfartsåra mellom Nord-Austlandet og Nordfjord, og vart opprettheldt etter at den nye Strynefjellsvegen vart opna i 1977 mellom Grotli og Ospeli bru.
Vegen fekk status som nasjonal turistveg i 1997.
Vegen forlet riksveg 15 ved Grotli og følgjer Mårådalen og Videdalen til Videseter der han etter 27 km møter riksveg 15 igjen ved Ospeli bru. Vegen er stengd om vinteren. Riksveg 258 er ein av dei få riksvegane som har fått halde grusdekket sidan han har verdi i forhold til Nasjonal verneplan for vegar og bruer. Dei andre er mellom anna riksveg 252 (Tyin–Eidsbugarden) og riksveg 886 (Bjørnstad–Jacobselv).
I området lever det villrein som ikkje bør forstyrrast, ein finn derfor lite informasjon eller rasteplasser på vegen.
Saman med den nye Strynefjellsvegen på riksveg 15 er riksveg 258 føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne.[1]
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.
Innhaldsliste
1Kommunar og knutepunkt
1.1Oppland
1.2Sogn og Fjordane
2Referanse
3Bakgrunnsstoff
Kommunar og knutepunkt |
Strynefjell
Oppland |
Skjåk
Grotli
Bom for vinterstenging, Grotli
Sogn og Fjordane |
Stryn
Det høgaste punktet på vegen, 1139 moh.
Bom for vinterstenging, Videseter
Ospeli bru
Referanse |
↑Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne (sjå avsnitt om Strynefjellet vegmiljø)
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...