Magnus Olsen




For fotballspelaren, sjå Magnus Sylling Olsen.
































Magnus Olsen
MagnusOlsen-OB.F06297b.jpg

Fødd
28. november 1878
Arendal
Død
16. januar 1963
Oslo
Nasjonalitet Noreg
Yrke
språkforskar, filolog
Institusjonar Universitetet i Oslo
Alma mater Universitetet i Oslo
Medlem
Det Norske Videnskaps-Akademi
Kungliga Vetenskapsakademien
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Magnus Bernhard Olsen (28. november 1878–16. januar 1963) var ein norsk språkforskar frå Arendal, og professor i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo 1908-1948.


Olsen tok artium i 1896, studerte ved Universitetet og vart cand.philol. med innstilling i 1903. Frå 1899 arbeidde han som amanuensis ved Universitetsbiblioteket i Oslo, og frå 1904 var han universitetsstipendiat. I 1908, 30 år gammal, vart han utnemnd til å etterfølgje læraren sin, Sophus Bugge, i professoratet i gammalnorsk og islandsk språk og litteratur (frå 1921 het faget norrøn filologi).


Det viktigaste arbeidet hans omfattar 7 hefte Edda- og skaldekvad med kommentarar, og 5 band med tolkingar av runeinnskrifter. Han bidrog til å fullføre Oluf Ryghs Norske Gaardnavne som redaktør/medredaktør av 3 bind. Teoriane hans om tilhøvet mellom stadnamn og religion og samfunnsforhold i førkristen tid vart presentert i bøkene Hedenske kulturminder i norske stadsnamne (1915) og Ættegård og helligdom, norske stadnamn sosialt og religionshistorisk belyst (1926). Hva våre stadsnamn lærer oss (1934) er ei konsentrert og lettlest innføring i temaet.


Han grunnla tidsskriftet Maal og Minne i 1909, og redigerte det i 40 år.


Magnus Olsen vart kommandør av St. Olavs Orden i 1945, han var medlem av Vitenskapsakademiet frå 1904, medlem av DKNVS, og ridder av den islandske Falkeordenen og den svenske Nordstjerneordenen. Olsen vart utnemnd til statsstipendiat i 1952. Han var svigerson av bibliotekar Albert Kjær.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva