Sarpsborg kommune


































































Sarpsborg kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Østfold


Adm.senter

Sarpsborg

Areal
406 km²
 - land
380 km²
 - vatn
26 km²

Folketal
55 543 (1. januar 2018)
Folketettleik

146 / km²



Målform
bokmål

Ordførar

S. Martinsen-Evje (Ap)


Kommunenr.
0105




NO 0105 Sarpsborg.svg




Wikimedia Commons: Sarpsborg

Nettstad: www.sarpsborg.kommune.no




Sarpfossen
Foto: Espen Franck-Nielsen





Hafslund hovudgard





Skjeberg mellomalderkyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt



Sarpsborg kommune er ein kommune i Østfold fylke, som ligg på vestsida av Glomma ved Sarpsfossen og grensar i nord til Våler kommune og Skiptvet kommune, i aust mot Rakkestad kommune og Halden kommune, i vest mot Fredrikstad kommune og Råde kommune og i sør mot Hvaler kommune. Kommunen fekk sine nåverande grenser i 1992 da han blei slått saman med kommunane Varteig, Skjeberg og Tune.




Innhaldsliste






  • 1 Samferdsel


  • 2 Næringsliv


  • 3 Kommunevåpenet


  • 4 Kjende folk frå Sarpsborg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Samferdsel |


I Sarpsborg kommune møtest dei vestre og austre linjene av Østfoldbanen, og dermed er kommunen eit viktig knutepunkt. Det er monaleg godstransport til dei store industribedriftene og til hamneområda i Sannesund. E 6, hovudvegen til utlandet, går i høgbru over Glomma i Sannesund. Det er fylkesvegar på begge sidene av Glomma til Fredrikstad, fylkesveg 109 og fylkesveg 111. Fylkesveg 111 held fram nordover til Rakkestad på austsida av Glomma. Fylkesveg 114 går til Skiptvet på vestsida av elva.



Næringsliv |


Sagbruksverksemd og trelastutskiping har tradisjonelt vore byens viktigaste næringar, og Sarpsborg var i 1845 landets nest viktigaste utførselshamn for trelast. Etter ein stagnasjonsperiode som varte frå 1875 til 1880 fekk byen ein ny vekstperiode. Ein viktig faktor var oppbygginga av Borregaard til eit moderne industriføretak. Sarpsborg er framleis ein utprega industriby med særleg vekt på treforedlingsindustri og kjemisk industri. Begge bransjar er dominert av Borregaard (Orkla) ASA. Andre viktige bransjar er næringsmiddelindustri og verkstadindustri. Sarpsborgs er i vekst som handelsby, og har store delar av Indre Østfold som oppland. Sarpsborg er ei viktig utførselshamn, og dei viktigaste utførselsvarene er papirmasse, papir og kjemiske produkt.


Etter kommunesamanslåinga med omegnskommunene Skjeberg, Tune og Varteig i 1992 fekk Sarpsborg eit landareal på om lag 81 km2 dyrka mark og om lag 185 km2 produktiv skog. Det meste av den dyrka marka er knytt til produksjon av korn. Skogavverking er også ei viktig næring, som er dominert av avverking av gran.


Lokalavisa i Sarpsborg er Sarpsborg Arbeiderblad.



Kommunevåpenet |


Kommunevåpenet blei godkjent i 1966 og har ein gåande svart bjørn over ei svart borg mot ein gull bakgrunn. Motivet har bakgrunn i mellomalderseglet til byen, som viser ein bjørn på toppen av ein bygning. I 1567 blei byen flytta, og det var først i 1839 byen fekk tilbake byprivilegia; da med eit raudt skjold med ein gullkrone over to gull øksar. Seinare blei mellomalderseglet funne att, og blei frå 1966 brukt i dagens utforming.



Kjende folk frå Sarpsborg |




  • Oscar Torp (1893–1958), statsminister for Arbeidarpartiet


  • Åge Sten Nilsen (1969–), frontfigur i glamrockbandet Wig Wam


  • Raymond Kvisvik (1974–), fotballspelar


  • Jens Arne Svartedal (1976–), langrennsløpar


  • Jonas Holøs (1987–), ishockeyspelar



Kjelder |



  • «Sarpsborg» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff |



  • Sarpsborg kommune (Offisiell nettstad)











Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva