Ryfylke






Ryfylkeutsyn over Lysefjorden frå Preikestolen.



Sjå òg avisa Ryfylke.

Ryfylke er eit distrikt i indre og midtre Rogaland, nord og aust for Stavanger og aust for Haugesund. Det finst ingen fast og eintydig definisjon av kva grenser distriktet har, men vanlegvis vert fastlandskommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand, og øykommunane Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy medrekna. Dei største tettstadene er Sauda i nord og Jørpeland i sør.


Landskapet er svært variert, frå øyar og kystlandskap lengst ute i vest, med fjordar innover i landet, til vidder og høge fjell i aust. Ryfylkeheiane grensar til Setesdalsheiene, og har Vassdalseggi på 1658 moh. som høgste topp. Her finst òg Breifonn (1616 moh.), den sørlegaste breen i Noreg. Dei høgtliggande viddene og dei bratte fjellsidene ned mot fjordane, gjer at området eigner seg svært godt til vasskraftproduksjon. I nord finn me Saudavassdraget (som gav grunnlag for tungindustrien i Sauda), i nordaust Røldal-Suldal (utbygd av Norsk Hydro til metallverket på Karmøy), i aust Ulla-Førre (Noregs største kraftanlegg), og i søraust utbyggingane kring Lysefjorden med Lysebotn kraftverk.


Ryfylke har turistattraksjonar som Preikestolen og Kjerag i Forsand kommune. Strekninga frå Oanes til Håra ved Røldalsvatnet (Ryfylkevegen), på riksveg 13/fylkesveg 46/fylkesveg 520 er kommande nasjonal turistveg. Ryfylkemuseet på Sand i Suldal er regionmuseum for distriktet.




Innhaldsliste






  • 1 Definisjon


  • 2 Kommunar


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Definisjon |


Det eldste kjende namnet på noverande Rogaland er nettopp Rogaland, men på 1200-talet gjekk det av bruk og vart erstatta av Rygjafylki, i moderne språkdrakt Ryfylke. Begge namna er danna av innbyggjarnamnet ryger, som er omtalte allereie omtrent år 100.


Tidleg på 1500-talet vart Ryfylke delt i fleire futedøme. Inndelinga var dei første åra litt ustabil, men vart snart fastlagd til to futedøme: Det søre vart kalla Jæren-Dalane og det nordre Fjordane-Karmsund. Medan Jæren og Dalane er levande distriktsnamn den dag i dag, fekk ikkje Fjordane-Karmsund feste som namn på futedømet. I staden vart det snart skifta ut mot Ryfylke, som såleis fekk ein snevrare geografisk definisjon: Dei sørlegaste bygdene var Kvitsøy, Bru, Åmøy, Riska, Svihus, Gjesdal og Øvstabødalen, mens grensene mot Agder i aust og Hordaland i nord var dei same.


Området har sidan vorte ytterlegare innsnevra: Ein gong på 1600-talet vart Riska og Gjesdal overførte til Jæren, og 1840 gjekk Austre Åmøy (i Hetland sokn) og Svihus (i Høyland sokn) den same vegen. Same år vart også grensa i nord justert slik at amts- og futedømegrensa heilt fall saman med soknegrensene. Frå då av var soknene Kvitsøy, Askje, Strand, Høle og den 1852 utskilde Forsand) dei sørlege utpostane i Ryfylke.


Sørgrensa vart skuva nordover endå ein gong, i og med dei omfattande endringane av kommunegrensene i 1965. Søre delen av Forsand kommune (Dirdalen og Øvstabødalen) og Oltesvik krins av Høle kommune vart då overflytta til jærkommunen Gjesdal, mens den attverande storparten av Høle vart innlema i den like jærske kommunen Sandnes.


I nord har Ryfylke òg krympa. Haugesund vart grunnlagd på midten av 1800-talet og voks etter kvart til ein viktig by. På 1900-talet vart Haugalandet etablert som distriktsnamn på byen og omlandet, som til dels òg strekker seg over fylkesgrensa inn i Sunnhordland, og samtidig har Ryfylke gått or bruk om området.



Kommunar |


Kommunar etter den vanlegaste definisjonen






























































































Nr.
Namn
Adm.senter
Folkemengd 2012
Folkemengd 2000
Flatevidd km²
Målform
1129

Forsand kommune Forsand

Forsand

000000000001246.00000000001 246

000000000001018.00000000001 018

000000000000780.0000000000780
Nynorsk
1130

Strand kommune Strand

Jørpeland

000000000012638.000000000012 638

000000000010122.000000000010 122

000000000000218.0000000000218
Nøytral
1133

Hjelmeland kommune Hjelmeland

Hjelmelandsvågen

000000000002723.00000000002 723

000000000002756.00000000002 756

000000000001089.00000000001 089
Nynorsk
1134

Suldal kommune Suldal

Sand

000000000003849.00000000003 849

000000000004043.00000000004 043

000000000001737.00000000001 737
Nynorsk
1135

Sauda kommune Sauda

Sauda

000000000004663.00000000004 663

000000000005081.00000000005 081

000000000000547.0000000000547
Nynorsk
1141

Finnøy kommune Finnøy

Judaberg

000000000003197.00000000003 197

000000000002865.00000000002 865

000000000000104.0000000000104
Nynorsk
1142

Rennesøy kommune Rennesøy

Vikevåg

000000000004849.00000000004 849

000000000003111.00000000003 111

000000000000065.000000000065
Nøytral
1144

Kvitsøy kommune Kvitsøy

Ydstebøhavn

000000000000542.0000000000542

000000000000523.0000000000523

000000000000006.00000000006
Nøytral

Totalt

Ryfylke


000000000031938.000000000031 938

000000000029519.000000000029 519

000000000009376.00000000009 376



Kjelder |



  • Store Norske Leksikon: Ryfylkeheiane

  • Utne: Rogaland - fra sysler til fogderier

  • Aschehoug: Norges land og folk - Stavanger amt



Bakgrunnsstoff |



  • Destinasjon Ryfylke

    Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva