Fader vår







James Tissot sitt måleri The Lord's Prayer i Brooklyn Museum


«Fader vår» (latin Pater noster) eller «Herrens bøn» er ei av dei mest sentrale kristne bønene; det var denne bøna Jesus lærte disiplane. Ho finst i to ulike versjonar, Matt. 6:9–13[1] og Luk. 11:2–4[2]. Versjonen frå Matteusevangeliet er den som blir nytta mest.


Fadervåret er ein del av Jesu bergpreike. Bøna er vend til «Vår Far i himmelen», og sett saman av sju bøner; tre som gjeld tilhøvet mellom Gud og menneskja, fire som gjeld tilhøvet mellom menneske. Avslutninga («For riket er ditt» o.s.v.) er ikkje med i dei eldste handskriftene, og vart truleg lagd til då bøna vart nytta i gudstenesta. Ho kan vere henta frå ei lovprising som i følgje 1. Krønikebok 29,1 vart nytta av kong David.


I den kristne gudstenesta inngår fadervåret som ein del av liturgien ved dåp og nattverd. Om det ikkje er dåp eller nattverd, vil liturgen avslutte kyrkjebøna med å be «Fader vår». Tekstgrunnlaget kan i Den norske kyrkja vere preiketekst femte sundag etter påske.


I Den norske kyrkja avgjer soknerådet om kyrkjelyden skal nytte omsetjinga frå 1985 eller 2011. Det er også høve til å bruka Fadervår etter 1920-liturgien.[3]




Innhaldsliste






  • 1 2011-utgåva


  • 2 1985-utgåva


  • 3 1920-utgåva


  • 4 1891-utgåva


  • 5 Norrøn tekst


  • 6 På latin


  • 7 Bakgrunn


  • 8 Kjelder





2011-utgåva |





Jesus Kristus lærer disiplane å be. Carl Heinrich Bloch, Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg Slott i Danmark



Vår Far i himmelen!



Lat namnet ditt helgast.


Lat riket ditt koma.


Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.


Gjev oss i dag vårt daglege brød,


og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.


Og lat oss ikkje koma i freisting,


men frels oss frå det vonde.


For riket er ditt og makta og æra i all æve.



Amen.




1985-utgåva |




Fader vår, du som er i himmelen.


Lat namnet ditt helgast.


Lat riket ditt koma.


Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.


Gjev oss i dag vårt daglege brød.


Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn.


Før oss ikkje ut i freisting,


men frels oss frå det vonde.


For riket er ditt, og makta og æra i all æve.



Amen.




1920-utgåva |




FADER VAAR, du som er i himmelen!


Lat namnet ditt helgast;


lat riket ditt koma;


lat viljen din raada paa jordi som i himmelen;


gjev oss i dag vaart daglege brød;


og forlat oss vaar skuld, som me og forlet vaare skuldmenn;


og før oss ikkje ut i freisting;


men frels oss frå det vonde.


For riket er ditt, og magti og æra i all æva!



Amen




1891-utgåva |




Fader vaar, du som er i himlom!


Ditt namn verte helgat!


Ditt rike kome!


Din vilje verte, som i himmelen, so og på jordi!


Giv oss i dag vaart daglege braud!


Og forlat oss vaar skuld, som og me forlata vaare skuldmenner!


Og før oss ikkje inn i freisting!


Men frels oss fraa det vonde!



Amen.




Norrøn tekst |




Faðir várr sá ert á himnum,

helgist nafn þitt,

til komi ríki þitt,

verði vili þinn svá sem á himni, svá ok á ;:brauð várt hversdagligt gef þú oss í dag,

fyrirgef þú oss sakir várar, svá sem ok vér fyrirgefum skuldurum várum,

ok eigi leiðir þú oss í freistni,

heldr leys þú oss frá illu!




På latin |




Evangelisten skriv ned Matteusevangeliet; handskrift frå ca. år 800, i Trier Stadtbibliothek




Pater noster, qui es in cælis

sanctificétur nomen tuum;

Advéniat regnum tuum, fiat volúntas tua,

sicut in cælo et in terra.

Panem nostrum quotidiánum da nobis hódie;

et dimítte nobis débita nostra, sícut et nos dimíttimus debitóribus nostris.

Et ne nos indúcas in tentatiónem;

sed líbera nos a malo.




Bakgrunn |


Ved kongeleg resolusjon av 25. juli 1891 vart Blix si utgåve av Luthers katekisme på landsmål tilllaten brukt i den offentlege norske skolen.


I 1908 vart Hognestad si omsetjing av Altarboka autorisert. Teksten ovanfor er henta frå Utdrag or altarboki, Kristiania 1920.


I 2006 brukte kyrkjelyder med nynorsk liturgi i hovudsak omsetjinga slik ho lyder på nr 950 i nynorskutgåva av Norsk Salmebok frå 1985.


Den norrøne teksten er henta frå Eskeland og Liestøl: Gammalnorsk, Oslo 1965. Den latinske teksten er henta frå Lov Herren Katolsk salmebok, Oslo 2000.



Kjelder |





  1. Matt. 6,9-13 ved bibel.no


  2. Luk. 11,2-4


  3. Frå Gudstenesteboka 2011 (PDF)









Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva