Knut Hjeltnes

















Knut Hjeltnes

Knut Hjeltnes.jpg
Knut Hjeltnes ca.1981-1982
Foto: Jarle Vines

Fødd
8. desember 1952
Ulvik
Yrke
friidrettsutøvar

Knut Hjeltnes på Commons

Knut Hjeltnes (fødd 8. desember 1951 i Ulvik) er ein norsk tidlegare diskoskastar og kulestøytar. På slutten av 1970-åra og byrjinga av 80-åra var han ein av dei beste norske mannlege friidrettsutøvarane. Han vann dei fleste noregsmeisterskapane i kule og diskos i den perioden. Sjølv om han høyrde til verdseliten i diskos i fleire år tok han aldri medalje i internasjonale meisterskap. Hjeltnes er ein av til saman berre sju nordmenn som har delteke i ein verdscupfinale i friidrett. I 1979 deltok han i diskoskast og vart nummer 4. I 1977 testa han positivt for doping og var utestengt frå idretten i eit år.[1]


Han sette norsk rekord i diskos med 69,62 i 1985 og den rekorden står enno i 2014.[2] Hjeltnes representerte IL Gular, tidlegare hadde han vore medlem i IL Øystese og BUL-Oslo.




Innhaldsliste






  • 1 Dopingsak


  • 2 Merittar


  • 3 Referansar


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder





Dopingsak |


Sommaren 1977 vart Knut Hjeltnes som første nordmann teken for dopingbruk, og han vart utestengd frå all idrett i eitt år.[1] Hjeltnes vedgjekk at han hadde brukt anabole steroid.[1] Ein norsk rekord i kule og to i diskos, som han hadde sett i perioden mellom prøven vart teken og kunngjeringa av prøveresultatet, vart strokne.[1]



Merittar |



  • NM 1975 – Gull i diskos og kule

  • NM 1976 – Gull i diskos og kule, bronse i spyd


  • OL 1976 – 7. plass i diskos

  • NM 1978 – Gull i kule


  • EM 1978 – 5. plass i diskos


  • Verdscupfinalen 1979 – 4. plass i diskos

  • NM 1979 – Gull i diskos og kule, kongepokal

  • NM 1980 – Gull i diskos og kule, kongepokal

  • NM 1981 – Gull i diskos og kule, kongepokal

  • NM 1982 – Gull i diskos og kule

  • NM 1983 – Gull i diskos og kule

  • NM 1984 – Gull i diskos og kule, kongepokal


  • OL 1984 – 4. plass i diskos

  • NM 1986 – Gull i diskos, kongepokal


  • EM 1986 – 4. plass i diskos

  • NM 1988 – Gull i diskos


  • OL 1988 – 7. plass i diskos

  • NM 1989 – Gull i diskos

  • Gjeldande norsk rekord i diskos med 69,62 meter.



Referansar |




  1. 1,01,11,21,3 Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt, red. (1990). «Hjeltnes, Knut». Kunnskapsforlagets idrettsleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 134.  Ekstern lenkje i |artikkel= (hjelp)


  2. «Norske rekorder for Menn Senior pr. 1.1.2011». Norges friidrettsforbund. Henta 31. mars 2014. 



Bakgrunnsstoff |




  • Jan Hedenstad (1979). Dopet. Oslo: Gyldendal. 

  • Nettsidene til Norges Fri-idrettsforbund


  • Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt, red. (1990). «Hjeltnes, Knut». Kunnskapsforlagets idrettsleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 134.  Ekstern lenkje i |artikkel= (hjelp)



Kjelder |


  • Denne artikkelen er henta frå Wikipedia på bokmål 26. september 2006.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva