Frostatinget






Tinghaugen på Frosta.




Bauta på Tinghaugen på Frosta.


Frostatinget (norr. Frostuþing) var namnet på Trøndelagens lovområde, fellestinget, av di det hadde sete på Logtun på Frosta i Nord-Trøndelag.


Ein er uviss på kva tid Frostatinget byrja si verksemd, men trur at det går heilt attende til 400-talet og omfatta de – på den tida – dei åtte trøndelagsfylka Sparbyggjafylki, Verdølafylki, Skeynafylki, Stjórdølafylki, Strindafylki, Gauldølafylki og Orkdølafylki.


Dagens Frostating, Frostating lagmannsrett, omfattar fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal, og har sete i Trondheim.




Innhaldsliste






  • 1 Frostatingsseglet


  • 2 Sjå òg


  • 3 Kjelder


    • 3.1 Fotnotar







Frostatingsseglet |


Frostatingsseglet er eit segl som syner kong Magnus Lagabøte på St. Hansdag i 1274 medan han sit på trona og gjev lagmannen for Frostatinget den nye Frostatingslova. Tingbøndene – tre stykker – står til venstre for kongen, kongen i midten med krona på hovudet og septeret i handa, og med den norske lova under føtene. Nedst i seglet er det to bogeskyttarar; den eine siktar på eit ekorn, medan den andre siktar på ein fugl. Både ekornet og fuglen sit i kvart sitt tre.


Originalen til Frostatingseglet er i det norske Diplomatariet, og står i eit dokument datert 1. juni 1453, trykt i Diplomatarium Norvegicum VIII no. 349.[1]



Sjå òg |



  • Frostatingslova

  • Tinget

  • Gulatinget

  • Gulatingslova



Kjelder |



Fotnotar |





  1. Frosta i gammel og ny tid, s. 82–83.






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva