Smeltepunkt

Multi tool use
Smeltepunktet til eit stoff er den temperaturen der stoffet går over frå fast til flytande fase. Når me snakkar om den motsette prosessen kallar me den same temperaturen frysepunktet.
For dei fleste stoff er temperaturen for smelting og frysing den same. Til dømes er smelte- og frysepunktet til kvikksølv −38,83 °C. Agar smeltar derimot ved 85 °C og blir fast stoff ved 32-40 °C, ein prosess kalla hysterese. Andre stoff, som glas, kan bli hardare utan å utkrystallisere seg. Desse stoffa vert kalla amorfe lekamar
Til forskjell frå kokepunktet blir smeltepunktet til eit stoff relativt lite påverka av trykket i atmosfæren rundt det. Smeltepunktet kan likevel senkast markert ved hjelp av andre stoff som er oppløyst eller blanda i stoffet. Smeltepunktet til eit reint stoff er alltid høgare enn smeltepunktet til eit ureint stoff. Blandingsforholdet som fører til det lågaste smeltepunktet som er mogeleg for eit stoff vert kalla det eutektiske punktet. Smeltepunktet til vatn ved trykk på 1 atmosfære er 0 °C . Når vatn inneheld frysekjerner er frysepunktet det same som smeltepunktet, men utan kjernar kan vatn bli underkjølt til −42 °C før det frys.
For grunnstoff er det ein viss samanheng mellom smeltepunkt og plassering i periodesystemet. Transisjonsmetalla har høge smeltepunkt som stort sett aukar ned gjennom gruppene i periodesystemet. Alkalimetall og jordalkalimetall har relativt låge smeltepunkt. Trenda er at smeltepunkta for desse stoffa minkar ned gjennom gruppene. Det kjemiske grunnstoffet med høgast smeltepunkt er wolfram med 3695 K (3422 °C). Karbon smeltar ikkje i vanleg trykk, men sublimerer ved rundt 4000 K. Væskefasen eksisterer berre når trykket er over 10 MPa og ein estimert temperatur på 4300–4700 K. Tantalhafniumkarbid (Ta4HfC5) er eit eldfast materiale med eit svært høgt smeltepunkt på 4488 K (4215 °C). På den andre enden av skalaen finn vi helium som ikkje frys i det heile tatt under normalt trykk, sjølv om temperaturen er uendeleg nær det absolutte nullpunktet. Ein må ha trykk 20 gonger over normalt atmosfærisk trykk for at helium skal fryse.
Sjå òg |
- Fasediagram
- Kokepunkt
- Trippelpunkt
FXQAf FHr5A OyKqH504Ifxj6Y sM5rtELg85eywejUPaF
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...