Berg kommune




For kommunen i Sverige, sjå Bergs kommun.































































Berg kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Troms


Adm.senter

Skaland

Areal
294 km²
 - land
277 km²
 - vatn
17 km²

Folketal
902 (1. januar 2018)
Folketettleik

3 / km²



Målform
bokmål

Ordførar
Roar Jakobsen (LL)


Kommunenr.
1929




NO 1929 Berg.svg




Wikimedia Commons: Berg (Senja)

Nettstad: www.berg.kommune.no


Berg kommune (nordsamisk: Birggi suohkan) er ein kommune som ligg på yttersida av Senja i Troms fylke. Han grensar i aust mot Lenvik kommune, i sør mot Tranøy kommune og i sørvest mot Torsken kommune.


Spisse tindar med fleire toppar over 800 moh. reiser seg bratt opp frå kysten og fjordsidene. Breidtinden er den høgste (985 moh.) og ligg sør for Mefjordbotn og Stormoa nest høgst (973 moh.) og ligg innanfor Bergsfjorden. Bratte og tronge dalar treng inn mellom tindane, fleire av dei endar i botnar fylt med sjøar og vatn. Fjellgrunnen er vesentleg gneis og granitt av prekambrisk alder.


Svanvatnan i søraust er verna mot kraftutbygging, det er også verneverdig fugleliv i Svandalen og Bergsøyan ved innløpet til Bergsfjorden. Tidvatnet i Trongstraumen ved Straumsnes kan ha opptil 7 knops fart.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Næringsliv


  • 2 Samferdsel


  • 3 Tettstad i kommunen


  • 4 Grunnkrinsar


  • 5 Historie


    • 5.1 Folketalsutvikling




  • 6 Referansar


  • 7 Bakgrunnsstoff





Næringsliv |


På Skaland ligg A/S Skaland Grafitverk, som er største bergverket i Troms. Verket brann ned i 1985, men vart bygd opp att og er framleis i drift, trass i konkurs og flerie eigarskifte i 1990-åra. Forutan grafittverket er fiske og fiskeforedling dei viktigaste næringsvegane i Berg kommune. Det er fiskeindustri i Senjahopen og Steinfjord. Fisket etter torsk er viktigast, og fiskeflåten består i hovudsak av mindre fartøy. Kommunen har fleire reiselivstilbud, mellom anna Senjatrollet og Hamn i Senja.


Kraftstasjonen i Bergsbotn (utbygd 1985) gir ein årleg produksjon på 30,9 GWh i gjennomsnitt.[1]




Samferdsel |


Fylkesveg 86 Andselv–Torsken går gjennom den sørlege delen del av Berg kommune, og passerer Trongstraumen ved Straumsnes på ei 140 m lang bru. Frå Straumsbotn går fylkesveg 864 med tunnel til Skaland. Ein fylkesveg forbind Bøvær med Skaland, og derfrå går veg i tunnel til Steinfjord og Ersfjord. Fylkesveg 861 går frå Finnsnes til Mefjordbotn; herfrå går det veg vidare til Senjahopen og Mefjordvær. Ei om lag 4 km lang veg med 2 km tunnel opna i 2004 og knyter saman nordre og søre del av kommunen.[1]



Tettstad i kommunen |



  • Senjahopen - 305 innbyggjarar per 1. januar 2017


Grunnkrinsar |


Berg kommune har berre eitt delområde, som igjen er delt inn i følgjande ni grunnkrinsar (innbyggjartal 2008):




  • Senjehopen (317)


  • Medfjordvær (156)


  • Ersfjord (41)


  • Steinfjord (27)


  • Bøvær (12)


  • Skaland (215)


  • Bergsbotn (84)


  • Strømsnes (45)


  • Hamn (17)


Ikkje oppgjeve bustad (23)



Historie |


Berg kommune omfatta den noverande Torsken kommune fram til 1902, då Torsken vart skild ut. Etter det har kommunegrensene vore uendra. Kommunen var den minste i Troms etter folketal før 1925, då Øverbygd kommune, som var mindre, vart oppretta. Folketalet i kommunen nådde toppen i 1958, då han hadde 1524 innbyggjarar.[2] Frå 2002 til 2008 var Berg den nest minste kommunen i Troms - han vart mindre enn Lavangen kommune i 2002, men passerte i sin tur Torsken kommune i 2008.



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for Berg kommune frå 1910:





























1910[3]
1.12.1920[4]
1.12.1930[5]
3.12.1946[5]
1.1.1951[2]
1.1.1961[2]
1.1.1971[2]
1.1.1981[2]
1.1.1991[2]
1.1.2001[2]
1.1.2010[2]
1169
1176
1214
1414
1456
1513
1441
1417
1241
1094
926


Referansar |





  1. 1,01,11,2 «Berg – kommune i Troms». Store Norske Leksikon. Henta 21. oktober 2013. 


  2. 2,02,12,22,32,42,52,62,7 Folkemengd i Berg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  3. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010


  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  5. 5,05,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)




Bakgrunnsstoff |


  • Berg kommune sine heimesider



Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Berg kommune









Koordinatar: 69°26′45″N 17°17′30″E





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

Steinsetfjorden