Volgahøgdene




Volgahøgdene eller Volgaplatået (russisk Приволжская возвышенность - Privolzjskaja vozvysjennost) er eit utstrekt høgdedrag i den europeiske delen av Russland med ei høgd opp til opptil 375 meter over havet.


Volgahøgdene er ein del av Den austeuropeiske sletta. Dei ligg vest for elva Volga og mellom byane Kazan i nord og Volgograd i sør. Berglandskapet på platået fell bratt mot vestsida av Volga og ligg side om side med dei vidstrekte slettene på austsida.


Landskapet på Volgaplatået er kjenneteikna av åsar og berg, som er grave ut av større og mindre elvar, som Khopjor, Medveditsa og Sura. Volga-Don-kanalen ligg i senkinga mellom Volgaplatået i nord og dei tilstøytande Jergeniåsane i sør.


Sjølve Volgaplatået er ganske tynt folkesett, men i randområda og særskild ved breidda av Volga ligg fleire større byer, mellom anna (frå nord til sør) Kazan, Uljanovsk, Saransk, Penza, Syzran, Saratov og Volgograd.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Volgahøgdene» frå Wikipedia på bokmål, den 23. oktober 2008.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva