County Donegal



































County Donegal
Contae Dhún na nGall

Våpenet til County Donegal

Plasseringa til County Donegal på Irland

Statistikk

Provins:

Ulster
Hovudby:

Lifford
Bilnummer:
DL

Areal:
4 841 km²

Folketal (2006):
146 956
Folketettleik:
30 /km²

Nettside: www.donegal.ie

County Donegal (irsk Contae Dhún na nGall, «utlendingane sin festning») er eit grevskap i Republikken Irland nord på Irland i provinsen Ulster. Grevskapet er eit av tre grevskap i Ulster som ikkje ligg i Nord-Irland.


County Donegal grensar til Fermanagh, Tyrone og Londonderry i Nord-Irland i aust, og Leitrimi sør. I nord og i vest ligg Atlanterhavet.


Grevskapet vart tidlegare òg kalla Tyrconnel (irsk Tír Chonaill), etter jarledømet Tyrconnel. Forsøk på å gjere dette til offisielt namn på slutten av 1900-talet stranda då det vart påpeikt at halvøya Inishowen historisk sett ikkje er det same som Tyrconnel.


Administrasjonsbyen er Lifford, medan den største byen er Letterkenny. Sistnemnde var ein periode den raskest voksande byen i Vest-Europa. Det høgaste punktet er Errigal på 752 moh..




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Språk


  • 3 Byar og landsbyar i County Donegal


  • 4 Kjelde





Geografi |


Donegal består for det meste av lågt fjellandskap, med fleire fjordar langs kysten. Lough Swilly og Lough Foyle som dannar grense mot Nord-Irland, er dei viktigaste av desse. Klippene Slieve League er av dei høgaste kystklippene i Europa, og Malin Head på Inishowenhalvøya er det nordlegaste punktet på øya. Utanfor kysten ligg øyane Arranmore og Tory Island, som er busett og høyrer til grevskapet. Det er òg fleire øyar som ikkje er busett.


Den eldste kjende irske bergarten er om lag 1,7 milliardar år gamal, ein gneistype på øya Inishtrahull utanfor kysten av Donegal. I andre delar av Donegal er det funne stein som har oppstått som avleiringer etter isbrear, noko som viser at det som skulle verte til øya Irland var delvis dekt av is i ein av istidene. Der har derimot vore umogeleg å tidfeste desse avsettingane nøyaktig på grunn av seinare landheving.


Klimaet er mildt for denne breiddegraden på grunn av Golfstraumen.



Språk |


Dialekten av det irske språket som vert tala i Donegal er distinkt, og har tatt opp i seg trekk frå skotsk gælisk. Det finst ein gaeltacht (irsktalande område) i Donegal, der dei snakkar vest-ulsterdialekt. Tidlegare var det òg ein gaeltacht på Inishowen, der dei brukte aust-ulsterdialekt. Donegalirsk har stor påverknad på irsktalande i det nordlege Irland, og dei som brukar språket der talar det derfor normalt med ein markant forskjellig uttale enn den «offisielle» uttalen som vert brukt i RTÉ sine sendingar


Ulsterskotsk vert òg talt av ein del menneske i Donegal.



Byar og landsbyar i County Donegal |



  • Ardara


  • Ballybofey, Ballyshannon, Buncrana, Bundoran, Burtonport


  • Carndonagh, Carrigart, Clonmany, Creeslough, Castlefin, Culdaff


  • Donegal, Downings, Dunfanaghy, Dungloe


  • Glencolmcille, Glenties, Gort an Choirce, Greencastle, Gweedore

  • Falcarragh


  • Letterkenny, Lifford


  • Kerrykeel, Kilcar, Killybegs, Kilmacrennan


  • Magheroarty, Milford, Moville, Muff

  • Newtowncunningham


  • Ramelton, Rathmullan

  • Stranorlar



Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Donegal frå Engelsk Wikipedia .











Grevskap i Irland

Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo
Munster: Clare | Cork | Kerry | Limerick | Tipperary | Waterford
Leinster: Carlow | Dublin | Kildare | Kilkenny | Laois | Longford | Louth | Meath | Offaly | Westmeath | Wexford | Wicklow
Ulster: Antrim * | Armagh * | Cavan | Donegal | Down * | Fermanagh * | Londonderry * | Monaghan | Tyrone *
* Grevskap i Nord-Irland (andre grevskap er i Republikken Irland)






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva