Gruvedrift




Gruvedrift er uthentinga av verdifulle mineral eller anna materiale frå jorda.
Det er to hovudformer for gruvedrift; dagbrot, der heile gruveområdet er synleg, og underjordsdrift, der ein tek ut mineral gjennom tunnelar under bakken. I fleire samanhengar vert også teglverk rekna til same industrigrein som bergverk og steinindustri




Innhaldsliste






  • 1 Råstoff


  • 2 Bergindustrihistorie


  • 3 Norsk bergindustrihistorie


    • 3.1 Norske bergverk




  • 4 Kjelder


  • 5 Litteratur





Råstoff |


Dei mineralske råstoffa som bergindustrien driv ut er:



  • Malm

  • Industrimineral

  • Naturstein


  • Kol (Energimineral)


  • Pukk, sand og grus





Fyrsettingsstoll i Clara stoll på Blaafarveværket




Titania A/S dagbrot på Tellnes i Sokndal.




Christian VII stoll på Kongsberg




Gruvearbeidar ved Tamarack Mine i Copper Country, Michigan, USA i 1905.





Slagg frå slagghaugane til Røros Kobberverk



Bergindustrihistorie |


Den eldste kjende gruva er «Lion Cave» i Swaziland. Karbondatering viser at denne gruva er 43 000 år gammal. Steinaldermenneska skjerpa på det jarnhaldige mineralet hematitt, som dei mol for å lage det raude pigmentet oker. Skjerp av tilsvarande alder der neandertalarar kan ha skjerpt flint til våpen og verkty er funne i Ungarn.


Egypt dreiv i oldtida malakitt-gruve ved Wady Maghareh på Sinaihalvøya og ved Timnadalen i Negev. Først vart dei lysegrøne steinane brukt for ornamentering og keramikkglasur, men ca. 1200 f.Kr. oppdaga egyptarane at malakitt kunne bli omdanna til kopar ved tilførsel av intens varme og luft.


I USA er det ei forhistorisk kopar-gruve langs Lake Superior som var del av eit omfattande innanlandsk handelsnettverk av koparverktøy, spyd, pilhovud og kulturgjenstandar. Einskilde koparspyd er over 3000 til 4000 år gamle, og kopar vart handla over heile kontinentet langs dei større elverutene. I tillegg vart det òg skjerpt på kvarts, flint og andre metall. I Manitoba er det antikke kvartsgruver i nord og sørvest ved Winnipeg River i Whiteshell Provincial Park.


Turkis vart skjerpt i førkolumbisk Amerika i Cerillos Mining District i New Mexico, der ein 60 meter høg og 90 meter brei stein vart teken ut med steinreiskap; gruvesjaktene er på 81 000 m². Svartkrutt vart først brukte i ein gruvesjakt under
Banská Štiavnica i Slovakia i 1627 , i same by som ein av dei første gruveskulane i verda vart etablerte i 1762.


Gruvedrift vart utbreidd i USA i det 19. hundreåret. Skjerping på mineral og edle metall, som Gullrushet i California midt på 1800-talet, var svært viktig for vestleg ekspansjon til Stillehavskysten ved sida av landbruk og utvinning av petroleum. På denne tida reiste mange kvite amerikanarar og frigjevne afrikanske slavar vestover med tog for å prøve seg med gruvedrift. Mange vestlege byar som Denver i Colorado og Sacramento i California vart etablerte som gruvesamfunn.



Norsk bergindustrihistorie |



Sjå utdjupande artikkel: Norsk bergindustrihistorie

I Noreg har det vore drive gruvedrift etter bl.a. jernmalm, koparkis, svovelkis, sinkblende, bly, sølv, gull, kol, skifer, marmor, brynestein, nefelinsyenitt og forskjellige typar av kvartsitt.
I mange hundre år blei jernmalm henta opp av myrer og vatn før dei første gruvene i fast fjell kom på 1500-talet. Frå 700-talet har det vore utvinning og eksport av brynestein frå Noreg. Då gruvedrift vart ein viktig næringsveg for Noreg på 1600-talet, vart kapital og fagfolk henta frå Tyskland. Gradvis vart det bygd opp norsk kompetanse og i 1757 vart Bergseminaret på Kongsberg oppretta som eit av dei første i Europa. Det var den første høgare læreanstalten i Noreg. Bergstadar oppstod rundt gruvedrifta.


I dag finst det relativt lite gruvedrift i Noreg, men det er stor leiteaktivitet og fleire planar om gjenoppstarting av gamle gruver og oppstart av nye. Det er no drift i gruver blant anna på Svalbard, i Sør-Varanger, Rana, Stjernøya, Tana, Alta, Skaland, Tysfjord, Brønnøy og Smøla.
Kongsberg, Røros og Sulitjelma er døme på tidlegare gruvesamfunn der det i dag er museumverksemd om gruvedrift.



Norske bergverk |


Eit utval av dei mest kjende norske bergverka:




  • Kongsberg Sølvverk (sølv, starta opp 1623, kongeleg verk)


  • Røros Kobberverk (kopar, starta opp 1644, privat)


  • Løkken Verk (kopar, starta opp 1654, privat)


  • Blaafarveværket (kobolt, starta opp 1772, kongeleg verk, seinare privat)


  • Sulitjelma grube (kopar), svovelkis, sink, starta opp 1887, privat)


  • Sydvaranger (jarn, starta opp 1906, privat / statleg)


  • Rana Grube (jarn, starta opp 1937, privat)


  • Store Norske Spitsbergen Kulkompani (steinkol, starta opp 1916, privat)


  • Titania (ilmenitt, magnetitt, starta opp 1902, privat)



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Gruvedrift» frå Wikipedia på bokmål, den 26. oktober 2013.



Litteratur |



  • O.C. Gøthe: Norsk Jernverk 1946-1988. Fra tro til fall. Schibsted Oslo 1994.

  • J.A.W. Bugge: Metal mineral resources of Norway. In J. Låg (red.):Basis of accounts for Norway's natural resources. Nor. Vidensk. Akad., Universitetsforlaget 1982.

  • H.O. Christophersen: Fra jernverkenes historie i Norge. Grøndahl & Søn, Oslo 1974.



  • Bergverksdrift på Sunnmøre i gammel og ny tid (PDF)




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva