Vaksdal
Vaksdal | |
tettstad | |
Vaksdal | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Hordaland |
Kommune | Vaksdal |
Areal | 0,69 km² |
Folketal | 1 009 (2017) |
Folketettleik | 1 462 / km² |
Postnummer | 5725 VAKSDAL |
Innbyggjarnamn | vaksdøl |
Preposisjon | på Vaksdal |
Wikimedia Commons: Vaksdal (village) | |
Vaksdal er ein tettstad i Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Staden ligg ved Sørfjorden tvers ovanfor bygda Bruvik på Osterøya. Både Bergensbanen/Vossabanen og E16 går gjennom bygda. Vaksdal er frå gamalt av bygd opp rundt bakevareprodusenten Møllerens sin fabrikk på staden. Det er denne fabrikken som utnyttar krafta i elva som kjem frå dei to ovanforliggjande dalane Sædalen og Herfindalen. I dag har også Felleskjøpet fabrikk i same bygget.
På Vaksdal finn ein Vaksdal Senter med Coop Prix, Milano pizza, bibliotek og tannklinikk. Vaksdal barneskule, Vaksdal kyrkje, bensinstasjon og Sæterdal elektro.
I tilknyting til tettstaden Vaksdal ligg smågrendene Skreien i nord, og Boge, Kjeneset, Langhelle, Sandvik og Staveneset i sør.
Denne Hordalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|