Me and Bobby McGee






































Me and Bobby McGee
Singel av Roger Miller
frå albumet Roger Miller 1970


Innspelt
16. mai 1969

Sjanger

Country

Lengd
4:02

Selskap

BNA 69035

Låtskrivar(ar)

Kris Kristofferson
Fred Foster

Produsent

Jerry Kennedy

Roger Miller-kronologi
«Vance»
(1969)

Me and Bobby McGee
«Where Have All the Average People Gone»
(1969)




«Me and Bobby McGee» er ein song skriven av Kris Kristofferson og Fred Foster, opphavleg spelt inn av Roger Miller, og seinare av Kristofferson sjølv og Janis Joplin, som toppa den amerikanske singellista med songen i 1971.




Innhaldsliste






  • 1 Innspelingar og kjende framføringar


  • 2 Historie


  • 3 Utvalde versjonar


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Innspelingar og kjende framføringar |


Roger Miller var den første artisten som hadde ein hit med songen, og han nådde 12. plass på den amerikanske countrylista i 1969. Gordon Lightfoot si utgåve nådde 13. plass på poplista og 1. plass på countrylista i heimlandet Canada i 1970. Lightfoot song songen etter ein omfattande hyllest til Kris Kristofferson i ei CBC-sending frå Charlottetownfestivalen sommaren 1969. I introduksjonen refererte Lightfoot til Miller-utgåva og sa at han skulle spele inn songen sjølv «slik han var meint å gjerast». I ein sjølvbiografi frå 2008 sa Don Reid og Harold Reid frå Statler Brothers at Kristofferson lovde songen til dei, men då dei seinare spurte om å få spele han inn, så hadde Miller alt spelt inn songen. Reid-brørne sa dei ikkje var sinte og var glade for at Miller fekk suksess med songen. Songen vart seinare spelt inn for eit album av brørne, men ikkje gjeven ut på singel.


Janis Joplin spelte inn songen for albumet hennar Pearl, berre få dagar før ho døydde i oktober 1970. Kristofferson hadde sunge songen for Joplin og songaren Bob Neuwirth lærte songen bort til ho. Kristofferson visste ikkje at ho hadde spelt inn songen før etter ho var død.[1] Joplin si utgåve toppa listene og var den einaste førsteplassen ho fekk, og berre den andre singelen gjeven ut posthumt i rock & roll-historia som klarte dette. Den første var «(Sittin' on) the Dock of the Bay» av Otis Redding. I 2004 vart Janis Joplin si utgåve av songen rangert på 148. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.


Kristofferson framførte songen på Isle of Wight Festival 1970 og ein CD og DVD frå festivalen kom ut 30 år seinare som Message to Love: The Isle of Wight Festival 1970.


Janis Joplin-utgåva vart mykje nytta i epilogen til Rainer Werner Fassbinder-filmen Berlin Alexanderplatz.



Historie |


I den originale versjonen av songen er Bobby ei kvinne. Janis Joplin som var kjæraste med og ven av Kristofferson frå byrjinga av karrieren til ho døydde, endra kjønnet og teksten på omslaget. Kristofferson har sagt at han ikjke skreiv songen for ho, men at songen er knytt til ho.[2]


Linja om «Bobby and I Sang the Blues» vart nytta av Don McLean i songen «American Pie» der han møter ei jente som «sang the blues».


Linja «Freedom is just another word for nothing left to lose/ Nothing ain't worth nothing but it's free» er oppført i Bartlett's Familiar Quotations under Kris Kristofferson.



Utvalde versjonar |



  • 1969 Roger Miller på albumet Roger Miller 1970

  • 1969 Kenny Rogers & The First Edition på albumet Ruby, Don't Take Your Love to Town

  • 1970 Ramblin' Jack Elliott på albumet Bull Durham Sacks & Railroad Tracks

  • 1970 Gordon Lightfoot på albumet Sit Down Young Stranger

  • 1970 Kris Kristofferson på debutalbumet Kristofferson

  • 1970 Bill Haley & His Comets på albumet Rock Around the Country.

  • 1970 Sam the Sham frå singelen «Me And Bobby McGee/Key To The Highway» (Atlantic #2757)

  • 1971 Janis Joplin på albumet Pearl. Singelen nådde førsteplassen i USA.

  • 1971 & 1972 Jerry Lee Lewis (B-side til «Would You Take Another Chance on Me») og på «The Killer Rocks On»

  • 1971 Dottie West på albumet Have You Heard...

  • 1971 The Grateful Dead på albumet Skull & Roses, og mange konsertopptak

  • 1971 Loretta Lynn på albumet I Wanna Be Free

  • 1972 Johnny Cash på konsertalbumet På Österåker

  • 1972 Jeannie C. Riley på albumet Give myself a party

  • 1973 Waylon Jennings på albumet Lonesome, On'ry and Mean

  • 1973 Chet Atkins på albumet Alone

  • 1973 Thelma Houston på Thelma Houston (1972)

  • 1973 Olivia Newton-John på albumet Let Me Be There

  • 1974 Cornelis Vreeswijk på albumet Getinghonung (svensk tekst «Jag och Bosse Lidén»)

  • 1975 Lonnie Donegan

  • 1979 Gianna Nannini (Io E Bobby McGee) på albumet California

  • 1994 Melissa Etheridge på albumet Acoustic

  • 1997 Loquillo på albumet Compañeros de viaje.

  • 1999 LeAnn Rimes på albumet LeAnn Rimes

  • 1999 Barb Jungr på albumet Bare

  • 2002 Anne Murray på albumet Country Croonin'

  • 2002 Jennifer Love Hewitt på albumet Bare Naked

  • 2002 Waterloo & Robinson (Ich und BobbyMcGee) på albumet Marianne

  • 2003 Jerry Jeff Walker på albumet Too Old To Change

  • 2004 P!nk på albumet Live in Europe

  • 2005 Allison Crowe på dobbeltalbumet Live at Wood Hall

  • 2005 Dolly Parton på albumet Those Were The Days

  • 2005 Arlo Guthrie på albumet Live In Sydney

  • 2005 Tori Amos på konsert i Hartford 4. oktober 2005

  • 2007 Angela Kalule på filmmusikken til The Last King of Scotland

  • 2007 Caroline af Ugglas på albumet Joplin på Svenska

  • 2010 Crystal Bowersox American Idol iTunes-utgjeving av studioversjonen.


Andre artistar








  • Amanda Overmyer

  • Joan Baez

  • Arlo Guthrie

  • Loretta Lynn

  • Willie Nelson

  • Dave Dudley

  • The Statler Brothers

  • Aaron Lewis

  • John Doe




  • Charley Pride

  • Taylor Horn

  • Brian McKnight

  • Celinda Pink

  • The Platters




  • Impotent Sea Snakes

  • Bobbie Gentry

  • Buck Owens

  • Roy Clark




Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Me and Bobby McGee» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Hawke, Ethan (April 16, 2009). «The Last Outlaw Poet». Rolling Stone (1076): 57. 


  2. «Me And Bobby McGee by Janis Joplin Songfacts». Songfacts.com. 1968-06-06. Henta 2016-10-02. 







Bakgrunnsstoff |


  • Ei liste over utvalde artistar som har spelt inn «Me and Bobby McGee»







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva