Fornebu






Fornebu fotografert i 2010. Det gamle flyplassområdet er framleis ikkje ferdig utbygd.




Statoil sitt kontorbygg på Fornebu (2015)


Fornebu er eit område på ei halvøy i Bærum kommune i nærleiken av grensa til Oslo, mellom Lysaker og den ytste parten av halvøya, Snarøya, og grensar på fleire kantar til fjordarmar som høyrer til Oslofjorden. Området har namnet etter ein tidlegare storgard.


Hovudflypassen Oslo lufthamn, Fornebu låg her i perioden 1939–1998. Etter at flyplassen vart avløyst av den noverande hovudflyplassen Oslo lufthamn, Gardermoen på Romerike nord for Oslo, har flyplassareala på Fornebu vorte utbygd med kontorbygningar og bustadblokker, og det gamle terminalbygget teke i bruk som kontor for ei rekkje selskap. Telenor innvia i september 2002 det nye hovudkvarteret sitt på Fornebu, der det no er ein arbeidsplass for 6000 tilsette. Ein innandørs fotballstadion, Telenor Arena, er òg bygd på det gamle flyplassområdet.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva