Chur



















































Chur

Chur 2008.jpg






Kommunevåpenet til Chur

Kommunevåpenet til Chur



Plassering




Chur is located in









Styresmakter
Land

Flag of Switzerland.svg Sveits

Kanton

Graubünden

Distrikt

Plessur
Borgarmeister
Christian Boner
Geografi
Flatevidd
 - kommune


28,01 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik


33 756
  1 205,1 /km²
Koordinatar

46°51′0″N 9°32′0″EKoordinatar: 46°51′0″N 9°32′0″E
Høgd over havet
593 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer
7000-7007

Nettstad: www.chur.ch

Chur eller Coire (retoromansk Cuira; italiensk Coira, fransk Coire) er hovudstaden i den sveitsiske kantonen Graubünden og ligg nord i kantonen. Kommunen har 33 756 innbyggjarar (2010) og eit areal på 28 km². Kommunesenteret ligg 593 meter over havet. Byen er hovudsakleg tyskspråkleg (81 %). Mange snakkar i tillegg retoromansk, og byen har eit retoromansk senter (Rätisches Museum). Italiensk vert snakka av ca. 5 %.




Chur frå det høgaste punktet i kommunen, Fürhörnli


Byen ligg i Alpenrhein-dalen og har ein strategisk posisjon til fleire fjellovergangar, mellom anna til Oberalp-, Bernardino-, Splügen-, Julier- og Albulapasset. Chur ligg på høgresida av elva Plessur, like før han han renn ut av Schanfiggdalen, om lag 1,5 km før ho munnar ut i Rhinen. Han er nesten heilt omgjeven av Alpane, med fjella Mittenberg (aust) og Pizokel (sør).


Chur er den eldste byen og det aller første bispesetet på nordsida av Alpane. Curia vart i 15 f.Kr. hovudstaden i den romerske provinsen Raetia prima.
Bispesetet vart første gongen nemnd i 451 e.Kr., men er sannsynlegvis eldre. Chur bispedømme eigde store område både i nærområda til byen, og i Engadin og Vinschgau i Tirol.


Skirennarane Yvonne Rüegg og Daniel Mahrer er frå Chur.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Chur» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juli 2011.



Bakgrunnsstoff |




  • City of Chur - Offisiell nettstad (tysk)


  • Turisme (tysk)





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

Steinsetfjorden