Pronomen




Pronomen (av pro, «for» og nomen, «substantiv») eller varaord er eit ord som kan setjast i staden for eit substantiv, og danne substantivfrase aleine.




Innhaldsliste






  • 1 Terminologi


  • 2 Pronomen i norsk


    • 2.1 Personlege pronomen


    • 2.2 Spørjepronomen


    • 2.3 Ubestemt pronomen


    • 2.4 Refleksive pronomen


    • 2.5 Resiproke pronomen




  • 3 Determinativar





Terminologi |


I forsøk på å fornorske den latinskspråklege grammatiske tradisjonen har pronomen vorte kalla varaord (t.d. Lars Eskeland Norsk formlæra frå 1897, men dette slo ikkje gjennom. På dansk blir pronomen kalla stedord, mens eit anna forsøk, det finske avløysarframlegget asemosana "plasshaldar-ord", ikkje slo gjennom.



Pronomen i norsk |


I norsk og i dei fleste andre språk kan pronomena delast opp i følgjande grupper (sjølv om dei morfologiske eigenskapane deira kan variere meir frå språk til språk):



Personlege pronomen |


Dei fleste personlege pronomena i norsk blir bøygd i kasus og numerus.














































Personlege pronomen
Eintal Nominativ Akkusativ
1. person
eg meg
2. person
du (De) deg (Dykk)
3. person
han, ho, den, det han/honom, ho/henne, den, det
Fleirtal Nominativ Akkusativ
1. person
vi/me oss
2. person
de (De) dykk (Dykk)
3. person
dei dei

Personlege pronomen i tredje person har ulike former for maskulin (han), feminin (ho), maskulin og feminin (den) og nøytrum (det).



Spørjepronomen |


Spørjepronomen er kven, kva. Dei dannar spørjesetjingar og blir sett først i setninga.
F.eks: Kven er du?
Kva likar du?



Ubestemt pronomen |


Bokmål har det ubestemte pronomenet man, som i man tror at.... Som akkusativ står en, som også kan nyttast som subjekt. På nynorsk kan ein nytta ein som ubestemt pronomen.



Refleksive pronomen |


Refleksive pronomen (på norsk: det ubøyelege seg) er pronomen som må referere til noko i språket, heller enn til noko i diskursen rundt.



Resiproke pronomen |


Resiprokt pronomen er pronomen som kvarandre, (som er ubøyeleg i norsk). Det referer til noko i språket, som seg, men skil seg frå seg ved at det må vere gjensidig referanse: Per og Kari kjenner kvarandre kan ikkje tyde at Per og Kari kjenner Per og Kari, men at Per kjenner Kari og at Kari kjenner Per. Kvarandre er ubøyeleg.



Determinativar |


Determinativar er ord som ikkje står i staden for substantiv, men heller modifiserer dei, slik som desse, t.d. i desse fine båtane. Tidlegare vart dei kalla «demonstrative pronomen». I nyare grammatikkar (t.d. Norsk referansegrammatikk) er dei ei separat ordklasse, nett fordi dei skil seg frå pronomen på ein slik avgjerande måte. Nokre lingvistar argumenterer for at den gamle inndelinga er betre, i og med at den nye inndelinga tvingar oss til å operere med dobbel klassifisering av ein del ord, som t.d det, dei (som i det (toget) / dei (gutane) kjem hitover. Mange dialektar har likevel eit tydeleg skilje mellom dei to kategoriane: dæm / di gutan kjæm hitover.



Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva