Lommedalen





Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.


Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.






















Lommedalen


Lommedalen.jpg

Land

Flag of Norway.svg Noreg
Fylke

Akershus
Kommune

Bærum



Lommedalen er ein tettstad med 3 154 innbyggjarar (2017), som ligg inn mot Krokskogen lengst nord i Bærum kommune.[1] Statistisk sentralbyrå opererte i 2016 med 11 383 innbyggjarar, men dette inkluderer òg Helset, Bærums Verk og Toppenhaug, som ikkje har anna med Lommedalen å gjera enn geografisk nærleik.[2]


Lommedalen er ein endestasjon lengst nord i Bærum, med einaste tilkomstveg allment tilgjengeleg for biltransport sørfrå. Isolasjonen har sett sina spor på staden. Carsten E. Munch skriv på vegne av Kultur- og kinoadministrasjonen i Bærum i forordet til Jakob Jakobsens bok Lommedalen – en bygd i bygda at «Lommedalen har en spesiell plass både i bæringers hjerte og i Bærums historie. Det er en bygd i bygda' det er noe av det opprinnelige, som vi etterhvertt dypt savner andre steder, det er tradisjoner og det er ekte hjemstedsfølelse for alle som hører hjemme der».




Innhaldsliste






  • 1 Etymologi


  • 2 Historie


    • 2.1 Tilhøvet til distrikta


    • 2.2 Lommedalen i krig


    • 2.3 Lommedalen i dag




  • 3 Kultur


    • 3.1 Idrett


    • 3.2 Verdsmeistrar og olympiske medaljevinnarar




  • 4 Kjende lommedølar


    • 4.1 Født og/eller halde til barndomen i dalen (inkludert Skarva)


    • 4.2 Busette i dalen




  • 5 Kjelder


  • 6 Referansar


  • 7 Litteratur





Etymologi |


Namnet er gammalt og finst i kjelder frå byrjinga av 1300-talet. Lommedalen har fått sit namn etter elva Lomma som renn gjennom dalen og kommer frå fuglnamnet lom.[3] Det liksom-engelske namnet «Pocket Valley» er såleis ikkje korrekt.[4]



Historie |


Lommedalen var opphavleg eit til gards- og jordbrukssamfunn. Sokneprest Neumann skriv i Asker og Bærums budstikke (Budstikken) i 1818:


En isoleret bygt, tilhørende vestre Bærum, gaar fra Krokskogen og nedover til Bærums jernverk og kaldes Lommedalen. Den trenger seg paa begge sidet av en elv, hvor Bærumsverket faar sit vand, langs med fjeldsiderne i en smal strekning av 1/2 mil og beboes av driftige bønder, hvis flid naturen skuldar at dens førre raahet er forsvunden, og at den no aapenbarer seg i blidere former.



Tilhøvet til distrikta |


Dalen var knytt saman med Hole og Ringerike via Gamlevegen skapt av trekulltrafikken frå Lommedalen. Gamlevegen vart i 1791 opphøgt til kongeveg til Bergen. I 1922 vart busselskapet Lommedalsbussen oppretta etter initiativ frå Lommedalens vel. Det var då lettare å koma seg til Lommedalen med tog frå Oslo til Sandvika og busssamband derfrå.


Lommedølinger reiste tidlegare òg til Oslo for å driva handel. I 1912 brukte ein tenestegut med hest og slede på By gard tre kvartar frå By (i Lommedalen) til Hospitalet i Oslo, og då var det 15 cm snø over Steinskogen. Lommedølinger var likevel regelmessig innom hovudstaden før etablering av busselskapet. Det var ikkje uvanleg at jentene gjekk barbeint til Oslo for å driva handel. Marsjen gjekk til sentrum, men jentene tok skorne på ved Frogner kirke, for det vart dårleg med sal for den barbeinte. På våren selde jentene liljekonvall dei hadde plukka og på hausten gjekk dei med 25 liters-spann med bær til byen.



Lommedalen i krig |


Representantar frå Lommedalen spelte ein liten, men viktig rolle under den store nordiske krigen. Svenskane var på veg over Krokskogen var i ferd med å overta Europa, då Kari Hiran narra dei blågule til å tru at nordmennene var på veg med 1 000 mann i forsterkningar. Med frykt for den møtande arméen trekte svenskane seg tilbake. Hiran har i dag fått utpeikt «Benteplassen» på Krokskogen til sin ære. «Benteplassen» har sit namn frå Hirans mann, Bent Aslesen Finne. Til minne om Hirans mann, Bent Aslesen Finne, og Hiran sjølv, går barneskuleelevar frå naturskulen Lommedalen skule, årlege nattevandringer over Krokskogen. Midtveges er det stopp ved «Benteplassen» der ein minnest detta viktige krigshistoriske minnet.


Lommedalen var under annan verdskrig representert med «Lommedalstroppen» i Milorgsgruppe 13313, med operasjonsområde «Lommedalen og omegn». Særleg kan Erik Bye (f 15. juli 1918) nemnast for sin innsats som lagleder, troppsassistent og sabotasjeinstruktør. Bye vart skutt på Akershus festning 9. februar 1945. I dag finst minnesmerke over Lommedalstroppens innsats i både Trulsrudmarka (mot Rognlia) og bakom Jordbærhaugen mot Småvatn. Restane av Trygve Bagåsen og Eivind Ulveruds våpenlager frå 1944, kan enno skimtast på ein berghylle under Åmotkollene. Lageret vart aldri funne av tyskarane. Boka Milorg 13313 - Historia om gruppa og opplevelser vart utgjeve i 1948 i eit avgrensa opplag med berre 250 nummererte eksemplar. Boka er skrive av gruppesjef Jens Wulfsberg og Per O. Andresen og er på 142 sider.[5]



Lommedalen i dag |


Carsten O. Five har uttalt om dagens tilstand i dalen: «Lommedalen er Norges svar på Toscana.»[6]


I løpet av 1970- og 1980-talet var det store bygging av bustader, og det kom ein straum av innflyttarar som arbeidde utanfor dalen, nokon med akademisk utdanning som bidrog ytterlegare til at dalens «førre raahet» forsvann. Diverre medførde innflyttinga òg at «dialekten i dalen tok bussen til byen», altså ei aukande utvatning av den eigenarta dialekten i dalen.


Til trass for stor utbygging gjennom det første tiåret av år 2000 (Trulsrudmarka og Bjerkefeltet), er enno den inste delen av Lommedalen relativt urørt. Aust i dalen finn ein vatna Burudvann som vert brukt som turmål, som badevatn om sommaren og til pilking om vinteren. Skiløypene er populære med gode tilhøve og lang vintersesong.


Lommedalen kirke er ein rektangulær, særprega betongkyrkje frå 1995 med 700 sitteplassar. Kyrkja har ikkje opphøgt preikestol.



Kultur |


Ungdomslaget «Lauvsprett» vart danna i 1876. Lauvsprett arrangerte i løpet av de fyrste femti år, meir enn 800 møte, festar, utflukter og liknande, oftast arrangert på Solhaug. Laget tillét likevel ikkje kva som helst, og i 1919 nekta Lauvsprett å leiga ut Solhaug til trekkspelkonsert.


Lommedalen har òg sin eigen song, «Lommedalssangen». Den er skrive av Signora Burud og stammar frå miljøet rundt Lauvsprett, men det er uvisst når den er skriven. I 1891 vart det, som antakeleg er Bærums første 17. mai-tog arrangert i Lommedalen.



Idrett |


Lommedalens Idrettslag (LIL) vart formelt oppretta i 1903 og hadde per 31. desember 2009 1 683 medlemmar.[7] Dei to komponentane til idrettslaget, skyttarklubben Blink og skilaget Njård, eksisterte likevel allereie på 1800-talet, skyttarlaget Blink frå 1884.[8] Idrettslaget har ei rekkje tilbod til barn og ungdom som alpint, skihopp, langrenn, fotball, basketball, handball og orientering. I tillegg finst òg ein tennisklubb og to golfklubbar (Lommedalen Golfklubb og Bærum Golfklubb) i dalen. I 2009 spelte A-laget (fotball) opprykkskamper mot Frigg for ein plass i annan divisjon.


Krydsbyløypa i Lommedalen er Bærums lengste og med sina kuler og heng òg ein særprega alpinbakke. Krydsbyløypa har to skitrekk, eitt barnetrekk nedst som nybegynnarbakke for dei aller minste, og ein T-krokheis i den store bakken. Barnebakken, eller «Fantaski»-bakken som den òg er kalla, var ein av dei fyrste skibakkane i landet, særleg tilrettelagd for dei yngste (og danskar!). «Fantaskibakken» er antakeleg den fremste i sit slag på Austlandet.[9] Kjende heng i «voksenløypa» er Bratthenget og Vindheia, kjende hopp er Magasuget og Dracula. Skianlegget har òg vore anerkjent for off-piss, mellom anna ved løypene «Solo» (på sørsida) og «Spøkelse» (på nordsida). Desse løypene er i dag øydelagd av den moderne utbygginga av Haugsåsen og Trulsrudmarka. Krydsbyløypa vart i si tid anlagt av Birger Ruud, og har i seinare tid fostra toppalpinistar som Jan Einar Thorsen, Aleksander Aamodt Kilde og Leif Kristian Haugen som våren 2010 vart teke ut på landslaget i alpint og som òg representerte Noreg under vinter-OL i Vancouver same år.


Dalens idrettslag har som logo eit våpenskjold med slagordet til idrettslaget «værg dit land». I og med at idrettslaget formelt vart stifta i 1903, var nok slagordet sterk inspirert av den gryande lausrivinga frå Sverige. I den originale logoen til idrettslaget vert funne igjen blinken og skia som reflekterer historia til idrettslaget.



Verdsmeistrar og olympiske medaljevinnarar |


I 2016 var representantar frå Lommedalen leiande i tre ulike idrettar: Magnus Carlsen var verdsmeister i sjakk, Rune Velta var verdsmeister i skihopp og Alexander Aamodt Kilde var samanlagt meister i den alpine Super-G-cupen.


Under vinter-OL i 2018 mottok Espen Andersen sølv i lagkonkurransen i kombinert og Leif Kristian Haugen bronse i lagkonkurransen i alpint.



Kjende lommedølar |



Født og/eller halde til barndomen i dalen (inkludert Skarva) |




  • Narve Bonna, (1901–1976) skihoppar og kombinertløpar


  • Jan Einar Thorsen, f. 1966 alpinist


  • Magnus Carlsen, f. 1990 sjakkspelar

  • Thomas Rogne, f 1990 fotballspelar i blant anna Celtic FC og Wigan Athletic FC


  • Rune Velta, verdsmeister i skihopp


  • Leif Kristian Haugen, bronsemedaljør i verdsmeisterskapen i storslalåm 2017

  • Beate Myrvold, serie- og cupmester i fotball med Røa


  • Aleksander Aamodt Kilde, vunne to verdscuprenn i alpint



Busette i dalen |




  • Birger Ruud, (1911–1998) skihopper og alpinist


  • Wenche Andersen, f. 1954. TV-kokk og kosthaldsøkonom


  • Jens Åre Svartedal, verdsmeister i langrenn

  • Andars Aukland, langrennløpar


  • Ari Behn, forfattar og tidlegare ektemann til Märtha Louise

  • Per Oddvar Johansen, f. 1968, musikar og komponist


  • Kurt Asle Arvesen, syklist


  • Kai Eide, f.1949, diplomat og SN-tenestemann


  • Gro Holm, f. 1958, utanrikskommentator NRK



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Lommedalen» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2018.



Referansar |




  1. «Valgresultat for Lommedalen». NRK (bokmål). 


  2. «Befolkning og areal i tettsteder». ssb.no (bokmål). Henta 4. oktober 2017. 


  3. Bærum - en bygds historie


  4. Klistremerke utskrive av Lommedalen idrettslag 1989.


  5. Milorg


  6. «min timeplan»-spalten i Verdens Gang 2. juni 2004


  7. Hovudstyrets årsberetning for 2009


  8. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2009-12-14. 


  9. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2010-12-06. 



Litteratur |


  • Milorg –historia – til 13313 Gruppa og opplevingar – 1948



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva