Bolgfjorden
Koordinatar:
Bolgfjorden er ein fjord i Meløy og Rødøy kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom øyane Bolga, som har gjeve namn til fjorden, i nordvest og Åmnøya i søraust, og har ei lengd på 8 km frå sørvest til nordaustover. Vidare austover på nordsida av Åmnøya går Meløyfjorden.
Fjorden har innløp mellom Svinvær i vest og Åmnøyhamna i aust. I tillegg til Bolga ligg øygruppa Bolgværet på vestsida av fjorden. Det går ferje frå Bolga og austover til Gjersholmen på Meløya.
Fjorden endar i nordvest mellom Åmnes i sør og Kjølsholmen på Meløya i nord.
|