Selenga
Selenga | |
elv | |
Selenga sett frå «Sjamanklippa» | |
Land | Russland, Mongolia |
---|---|
Nedslagsfelt | 447 000 km² |
Lengd | 1 024 km |
Middelvassføring | 310 m³/s |
Kjelde | Der elvane Ideriin Gol og Delgermörön renn saman. |
Munning | Bajkalsjøen |
Wikimedia Commons: Selenga | |
Selenga (russisk Селенга) eller Selenge (mongolsk Сэлэнгэ гол, Сэлэнгэ мөрөн) er ei elv i Mongolia og Russland.
Elva startar der elvane Ideriin Gol og Delgermörön renn saman i Mongolia og frå kjelda til Ideriin Gol til munningen i Bajkalsjøen er ho 1024 km lang. Selenga er den største elva som munnar ut i Bajkalsjøen og står for om lag halvparten av tilsiget. Selenga høyrer til nedslagsfeltet til Angara (som renn ut frå Bajkalsjøen) og Jenisej. Nedslagsfeltet til Selenga er på 447 000 km².
Selenga er stort sett ei saktegåande elv og renn gjennom både tronge dalar (opp til 1-2 km brei) og vide dalar (20-25 km brei). Vassføringa er vanlegvis låg om våren og størst om sommaren og hausten. Den middelvassføringa på grensa mellom Mongolia og Russland er 310 m³/s, 127 km frå munninge. Elva frys til frå november til april.
Dei største sideelvane er Egiin Gol og Orkhon i Mongolia og Dzjida, Tsjikoj, Khilok og Uda i Russland.
Elva er framkommeleg for skipsfart opp til byen Sükhbaatar i Mongolia. Andre byar er Ulan-Ude og den urbanliknande busetnaden Selenginsk i Russland.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Селенга» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Selenga
|