Abdomen






Abdomen i pattedyr og insekt.


Abdomen (utt. abdo'men) er det latinske namnet på buken, altså området mellom brystkassen og bekkenbotnen i menneske, og om bakkroppen på leddyr. I abdomen finn ein tarmkanalar og i dei fleste høve kjønnsorgan.


Omgrepet blir brukt i medisinsk fagspråk, som «akutt abdomen», om akutte smerter i magen.
Adjektivet «abdominal» tyder 'noko som har med buken å gjera'. Abdominal respirasjon er anding ved hjelp av bukmusklane og mellomgolvet. Abdominalrefleks er ein refleks der ein trekk saman bukmusklane når ein spiss gjenstand blir stroken over huda på abdomen. Eit abdominalt svangerskap er eit svangerskap der fosteret har festa seg i bukhola i staden for i livmora.



Sjå og |



  • Buk

  • Underliv



Kjelder |



  • caplex.no


  • Søk etter abdomen i Store norske og Store medisinske leksikon


  • «abdomen» i Nynorskordboka.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva