Faryngitt







Betent munnsvelg med hevelse og raudne


Faryngitt er ei samlenemning for betennelse i svelget bak i halsen.[1] Det plar å vere smertefullt, og er den vanlegaste årsaka til sår hals.[2]


Betennelsen kan vere anten kronisk eller akutt (snøggvoren og kortvarig). Faryngitt kan føre til at mandlane blir oppblåste, slik at dei forstyrrar svelging og pusting. Faryngitt kan følgjast av hoste eller feber, særleg viss den skuldast systemisk infeksjon.


Dei fleste akutte tilfella skuldast virusinfeksjonar (40—80 %), medan resten skuldast bakterieinfeksjonar, soppinfeksjonar eller irritasjonsmiddel som til dømes miljøgifter eller kjemikaliar.[2][3] Behandling av virusinfeksjon er i hovudsak symptomatisk, men bakterie- og soppinfeksjon kan behandlast med høvesvis antibiotika og antimykotika.


Ordet kjem frå det greske ordet pharynx som tydar «strupe», og etterstavinga -itis som tydar «betennelse».




Innhaldsliste






  • 1 Klassifikasjon


  • 2 Årsak


    • 2.1 Infeksiøs


      • 2.1.1 Viral


      • 2.1.2 Bakteriell


      • 2.1.3 Fungal




    • 2.2 Ikkje-infeksiøs




  • 3 Diagnostikk


  • 4 Behandling


    • 4.1 Lækjemiddel




  • 5 Alternative behandlingar


  • 6 Epidemiologi


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Klassifikasjon |


Faryngitt er ein betennelse som vanlegvis skuldast øvre luftvegsinfeksjon. Den kan klassifiserast som akutt eller kronisk. Akutt faryngitt kan vere katarral, purulent eller ulcerativ, avhengig av virulensen til den utløysande agenten og immunkapasiteten til det vedkomande individet. Kronisk faryngitt er den vanlegaste øyre-nase-hals-sjukdommen og kan vere katarral, hypertrofisk eller atrofisk.


Viss betennelsen også omfattar halsbetennelse (tonsillitt) blir den gjerne kalla faryngotonsillitt.[4] Ein annan underklassifikasjon er nasofaryngitt (vanleg forkjøling).[5]



Årsak |


Storparten av tilfella skuldast overføringa av infeksiøse organismar frå nærkontakt med ein smitta person.



Infeksiøs |



Viral |


Desse utgjer om lag 40—80 % av alle infeksjonane og kjenneteiknar ei rekkje ulike virusinfeksjonar.[2][3]




  • Adenovirus — den vanlegaste virusårsaka. Lymfeknutane er typisk moderat oppblåste. Ein plar å ha store smerter i halsen, men den er vanlegvis ikkje raud.


  • Influensavirus kan valde influensa — er følgd av snøgt stigande temperatur, hovudverk og generalisert smerte. Ofte følgd av sår hals.


  • Infeksiøs mononukleose («lymfekjertelbetennelse») valda av Epstein—Barr-virus. Dette kan føre til voldsom hevelse og eksudativ tonsilitt med markert raudne og hevelse i halsen. Monospotprøve kan brukast ved mistanke om infeksiøs mononukleose.


  • Herpes simplexvirus kan føre til fleire munnsår.

  • Meslingar


  • Vanleg forkjøling: rhinovirus, respiratorisk syncytialt virus og parainfluensavirus kan føre til infeksjon i halsen, øyrene og lungene med typiske forkjølingssymptom og ofte ekstrem smerte.



Bakteriell |


Ei rekkje bakteriar kan føre til infeksjon i halsen. Den vanlegaste er gruppe A-streptokokkar, men andre døme er Streptococcus pneumoniae, Haemophilus influenzae, Bordetella pertussis, Bacillus anthracis, Corynebacterium diphteriae, Neisseria gonorrhoeae, Chlamydophila pneumoniae og Mycoplasma pneumoniae.[6]


Streptokokkhalsinfeksjon



Streptokokkhalsinfeksjon


Streptokokkhalsinfeksjon er valda av gruppe A betahemolytiske streptokokkar (GAS).[7] Det er den vanlegaste årsaka til bakteriell faryngitt (15—30 %).[6] Vanlege symptom er feber, sår hals og store lymfeknutar. Det er ein smittsam infeksjon som kan spreiast ved kroppskontakt med andre personar. Sikre diagnosar kan gjerast med halskultur. Antibiotika kan bidra til å minske komplikasjonar og minske rekonvalesenstida.[8]


Fusobacterium necrophorum

Fusobacterium necrophorum er til vanleg busett i halsfloraen og kan stundom føre til peritonsillære abscessar. Ved 1 av 400 tilfelle ser ein Lemierres syndrom.[9]


Difteri

Difteri er ein potensielt livstrugande øvre luftvegsinfeksjon som skuldast Corynebacterium diphtheriae, som i stor grad er utrydda i utviklingslanda sidan innføringa av barndomsvaksinering, men som fortsatt finst i den tredje verda og i aukande grad i Aust-Europa. Antibiotika er nyttig i dei tidlege stadia, men læking plar å vere veldig langsam.


Andre

Andre årsaker er sjeldne, men ofte svært dødelege, medrekna infeksjonar i det parafaryngeale rom: peritonsillær abscess, infeksjon i spatium submandibulare («Ludwigs angina») og epiglotitt («strupelokbetennelse»).[10][11][12]



Fungal |


Av og til kan faryngitt skuldast soppinfeksjon av Candida albicans og føre til trøske (oral candidainfeksjon).



Ikkje-infeksiøs |


Faryngitt kan òg oppstå ved mekanisk, kjemisk eller termisk irritasjon, til dømes frå kald luft eller syrerefluks. Lækjemiddel som pramipeksol og antipsykotika kan føre til faryngitt.[13][14]



Diagnostikk |






























Modifiserte Centor-kriteriar
Poeng Sannsyn for infeksjon Behandling
1 eller mindre <10 % Antibiotika og halskultur er ikkje påkrevd
2 11–17 % Antibiotika basert på kultur eller RADT
3 28–35 %
4 eller 5 52 %
Empirisk antibiotikabehandling

Det kan vere vanskeleg å skille mellom virus- og bakterieinfeksjonar på grunnlag av symptoma,[15] så ein plar å ta halsprøve for å utelukke bakterielle årsaker.[16]


Modifiserte Centor-kriteriar kan brukast for finne behandling til pasientar med faryngitt. Den er basert på 5 kliniske kriteriar som kan auke sannsynet for infeksjon.[8]


Eitt poeng er gitt for kvar av kriteria:[8]



  • Fråvêr av hoste

  • Opphovna eller ømme halslymfeknutar

  • Temperatur >38.0 °C eller hevelse

  • Yngre enn 15 år (trekk frå eitt poeng viss alderen er >44)


McIsaac-kriteriar byggjer på Center:[17]



  • Alder mindre enn 15 år: legg til eitt poeng

  • Alder høgare enn 45 år: trekk frå eitt poeng


Infectious Disease Society of America rådar imot bruk av empirisk antibiotikabehandling og seier at antibiotika berre bør brukast etter positive prøvar.[15] Prøvar er ikkje påkrevd hjå barn under 3 år sidan gruppe A-streptokokkar og revmatisk feber er sjelden, med midnre dei òg har sjuke søsken.[15]



Behandling |


Behandlinga plar å vere symptomatisk. Spesifikke behandlingar er effektive ved bakterie-, sopp- og herpes simplexinfeksjonar.



Lækjemiddel |




  • Analgetika som til dømes ikkje-steroide antiinflammatoriske middel og paracetamol kan bidra til å minske smerten ved sår hals. Aspirin kan brukast av vaksne, men er frårådd hjå barn på grunn av risiko for Reyes syndrom.[18]


  • Steroidar som til dømes deksametason har vist seg å vere nyttig ved alvorleg faryngitt.[19][20]

  • Tjuktflytande lidokain lindrar smerte ved å lamme slimhinnene.[21]


  • Antibiotika kan vere nyttig ved sår hals som skuldast bakterieinfeksjon. Dei har ingen effekt ved virusinfeksjon.[22]

  • Orale analgetiske løysingar, vanlegvis med fenol som aktiv ingrediens. Mindre vanlege ingrediensar er benzokain, cetylpyridinklorid og/eller mentol.



Alternative behandlingar |


Alternative behandlingar blir ofte fremja og brukt som behandling av sår hals.[23] Dei har lite prov for effektiv verknad.[23]



Epidemiologi |


Akutt faryngitt er den vanlegaste årsaka til sår hals. Akutt faryngitt og sår hals blir diagnostisert i 1,9 millionar menneske årleg i USA.[2]



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Pharyngitis» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2015.





  1. «Pharyngitis». ClinicalKey. 


  2. 2,02,12,22,3 Marx, John (2010). Rosen's emergency medicine: concepts and clinical practice (7th utg.). Philadelphia, Pennsylvania: Mosby/Elsevier. Chapter 30. ISBN 978-0-323-05472-0. 


  3. 3,03,1 Acerra JR. «Pharyngitis». eMedicine. Henta 28. april 2010. 


  4. Rafei K, Lichenstein R (2006). «Airway Infectious Disease Emergencies». Pediatric Clinics of North America 53 (2): 215–242. 


  5. «www.nlm.nih.gov». 


  6. 6,06,1 Bisno AL (Januar 2001). «Acute pharyngitis». N Engl J Med 344 (3): 205–11. 


  7. Baltimore RS (Februar 2010). «Re-evaluation of antibiotic treatment of streptococcal pharyngitis». Curr. Opin. Pediatr. 22 (1): 77–82. 


  8. 8,08,18,2 Choby BA (Mars 2009). «Diagnosis and treatment of streptococcal pharyngitis». Am Fam Physician 79 (5): 383–90.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «Review09» er definert fleire gonger med ulikt innhald


  9. Centor RM (1. desember 2009). «Expand the pharyngitis paradigm for adolescents and young adults». Ann Intern Med 151 (11): 812–5. 


  10. «UpToDate Inc.».  (registration required)


  11. Reynolds SC, Chow AW (September–Oktoker 2009). «Severe soft tissue infections of the head and neck: a primer for critical care physicians». Lung 187 (5): 271–9. 


  12. Bansal A, Miskoff J, Lis RJ (Januar 2003). «Otolaryngologic critical care». Crit Care Clin 19 (1): 55–72.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  13. «Mirapex product insert» (PDF). Boehringer Ingelheim. 2009. Henta 2010-06-30. 


  14. «Mosby's Medical Dictionary, 8th edition». Elsevier. 2009. Henta 2010-06-30. 


  15. 15,015,115,2 Shulman ST, Bisno AL, Clegg HW, Gerber MA, Kaplan EL, Lee G, Martin JM, Van Beneden C (9. september 2012). «Clinical Practice Guideline for the Diagnosis and Management of Group A Streptococcal Pharyngitis: 2012 Update by the Infectious Diseases Society of America.». Clinical infectious diseases : an official publication of the Infectious Diseases Society of America 55 (10): e86–102.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  16. Del Mar C (1992). «Managing sore throat: a literature review. I. Making the diagnosis». Med J Aust 156 (8): 572–5. 


  17. Fine AM, Nizet V, Mandl KD (2012). «Large-Scale Validation of the Centor and McIsaac Scores to Predict Group A Streptococcal Pharyngitis.». Arch Intern Med.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  18. «Re-evaluation of antibiotic treatment of streptococcal pharyngitis"» (Curr. Opin. Pediatr. 22 (1)). Februar 2010: 77–82. 


  19. Hayward G, Thompson M, Heneghan C, Perera R, Del Mar C, Glasziou P (2009). «Corticosteroids for pain relief in sore throat: systematic review and meta-analysis». BMJ 339: b2976.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  20. «Do steroids reduce symptoms in acute pharyngitis?». BestBets.org. Henta 14. januar 2009. 


  21. «LIDOCAINE VISCOUS (Xylocaine Viscous) side effects, medical uses, and drug interactions.». 


  22. Del Mar CB, Glasziou PP, Spinks AB (2004). Del Mar, Chris, red. «Antibiotics for sore throat». Cochrane Database Syst Rev (2): CD000023.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link) - Meta-analysis of published research


  23. 23,023,1 «Sore throat: Self-care». Mayo Clinic. Henta 17. september 2007. 




Bakgrunnsstoff |








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva