Erich Maria Remarque er pseudonym for Erich Paul Remark (22. juni 1898–25. september 1970) — ein tysk romanforfattar som er kjend for sine skildringar i enkelt og kraftfullt språk av liva åt vanlege menneske i skuggen av krigen — særleg frå desillusjonerte soldatar og flyktningar sitt perspektiv. Remarque karakteriserte seg sjølv som ein «militant pasifist».
Innhaldsliste
1Biografi
2Verk
2.1Utgjeve posthumt:
3Kjelder
Biografi |
Erich Paul Remark vart fødd inn i ein katolsk fattig arbeidarklassefamilie i Osnabrück i Niedersachsen i Tyskland den 22. juni 1898. Far hans var bokbindaren Peter Franz Remark og mor hans var Anna Maria Remark, f. Stallknecht. I 1916, atten år gammal, vart han innkalla til militærteneste og send til fronten som tysk soldat under første verdskrigen, der han vart såra fleire gonger. Etter eit rotlaust yrkesliv etter krigen gav han i 1929 ut si mest vidkjende bok, Im Westen nichts Neues (Inkje nytt frå vestfronten). Nazi-Tyskland forbaud bøkene hans og brende dei på bokbål i 1933 — i tillegg til at dei spreidde den usanne propagandaen mot han at han stamma frå franske jødar og at det eigentlege familienamnet hans var Kramer (Remark stava baklengs). Han hadde da budd i Sveits sidan 1931, og i 1939 emigrerte han til USA, der han vart statsborgar i 1947. I 1958 gifte han seg med den tidlegare hollywoodfilmstjerna Paulette Goddard (1911-1990). I 1948 flytte dei til Sveits, der han døydde i Locarno den 25. september 1970.
Verk |
1929 - Im Westen nichts Neues (Inkje nytt frå Vestfronten)
1931 - Der Weg zurück (Vegen attende)
1938 - Drei Kameraden (Tre kameratar)
1941 - Liebe deinen Nächsten (Elsk din neste)
1946 - Arc de Triomphe (Triumfbogen)
1952 - Der Funke Leben (Livsgnisten)
1954 - Zeit zu leben und Zeit zu sterben (Ei tid for å leva og ei tid for å døy)
1956 - Der schwarze Obelisk (Den svarte obelisken)
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...