Ritsa























































Ritsa

innsjø

RitsaMounts.jpg

Fjell omkring Ritsa

Land

Flag of Georgia.svg Georgia

Tilsig
Lashipsa
Utløp
Iupshara

Høgd over havet
950 moh

Areal
1,49 km²
Største djupn
116 m
Kystlengd1
4,29 km


Koordinatar

43°29′N 40°33′EKoordinatar: 43°29′N 40°33′E

Byar

Avadhara


Wikimedia Commons: Lake Ritsa


1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Ritsa (abkhasisk Риҵа, georgisk რიწა) er ein innsjø nord i den i røynda sjølvstendige republikken Abkhasia (etter lova ein autonom republikk i Georgia). Innsjøen ligg i Kaukasus og er omringa av skogar og subalpine enger. Vatnet er kaldt og klårt. Fjella har ei høgd på 2 200 til 3 500 meter rundt innsjøen. Ein har funne fleire nordmannsgrantre med høgd på over 70 meter rundt innsjøen.


Ritsa får vatn frå seks elvar, men har berre eitt utsig, elva Iupshara. Landsbyen Avadhara ligg nord for innsjøen. I 1930 vart Ritsa naturreservat (162,89 km²) oppretta for å verne om naturen rundt innsjøen. Vegen frå Svartehavet vart bygd i 1936. Innsjøen var ein viktig turistattraksjon i Sovjettida. Trass i at det vart bygd eit hotell ved breidda og eit par andre attraksjonar kjem det i dag lite turistar her på grunn av uro i området.


Ritsa er ein av dei djupaste innsjøane i Georgia (116 m) og rik på aure. Middeltemperaturen i området er 7,8 °C (januar -1,1 °C, august 17,8 °C). Den årlege nedbørsnormalen er om lag 2 000 til 2 200 mm. Det er ikkje uvanleg med snø om vinteren, og somrane er som regel varme.


Sovjetleiaren Josef Stalin hadde eit av sommarhusa sine (datsja) ved innsjøen. I dag høyrer dette huset til den abkhasiske regjeringa.




Innhaldsliste






  • 1 Segner om Ritsa


    • 1.1 Opphav


    • 1.2 Farvel, Moderland!




  • 2 Bilete


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Segner om Ritsa |



Opphav |


I antikken var det ein dal og ei elv der innsjøen ligg i dag. Ei jente med namn Ritsa budde her med brørne sine Agepsta, Atsetuka og Psjegisjka. Ritsa gjeta dyra på beite i dalen, medan brørne var på jakt i dei høge fjella og kom tilbake til dalen om kvelden der dei åt, song songar og beundra systera.


Ein gong gjekk brørne for langt inn i fjella. Ritsa sakna dei og byrja og song. Skogrøvarane Gega og Iupsjara høyrte ho og fann ut at dei skulle kidnappe ho. Iupsjara fanga ho og tok ho med seg ned i dalen, medan Gega passa på ved sida av. Ritsa sine brør høyrde at ho skreik og kom springande etter.


Psjegisjka kasta eit sverd mot røvarane, men bomma og sverdet fauk over elva. Dalen vart då fylt med vatn og omgjort til ein innsjø. Ritsa kom seg laus, men fall ut i innsjøen. Brørne kunne ikkje redde ho. Då kasta Psjegisjka røvaren Iupsjara ut i innsjøen, men Ritsa sitt vatn godtok han ikkje, og kasta han ut og over sverdet til Psjegisjka, og vatnet tok han med seg til sjøen. Gega sprang etter Iupsjara, men kunne ikkje redde han.


I sorg gjekk brørne tilbake til fjella, og i dag står dei framleis der og vernar om kvilestaden til Ritsa.



Farvel, Moderland! |


I 1930-åra under bygginga av Stalin sin datsja, bar soldatar byggemateriale til byggjestaden. Ein gong, ved det farlegaste vegstykket, køyrde ein lastebil utfor vegen. I det lastebilen fall ropte sjåføren: «Farvel, Moderland!» («Прощай, Родина!», «Prosjtsjaj, Rodina!»). Så i dag kallar folk denne staden for «Farvel, Moderland!»



Bilete |




Kjelder |




  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Ritsa frå Engelsk Wikipedia .



  • Birding-georgia.com

  • Georgisk geoinformasjonssenter



Bakgrunnsstoff |



  • Bilete av «Farvel, Moderland!»

  • Bilete

  • Bilete





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva