Mahanayim
Mahanayim | |
לְהֲבוֹת הַבָּשָׁן | |
kibbutz | |
Namneopphav: Bashanflammene | |
Land | Israel |
---|---|
Region | Huladalen |
Distrikt | Nord distrikt |
Kommune | Øvre Galilea |
Koordinatar | |
Folketal | 346 (2006) |
Grunnlagd | 1898 |
- Grunnlagd av | Galisiske immigrantar (1898) Poale Zion-medlemmar (1916) Yodfat-medlemmar (1939) |
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla |
Wikimedia Commons: Mahanayim | |
Mahanayim (מחניים, מַחֲנַיִם) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg kring tre kilometer nordaust for Rosh Pina og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han 346 innbyggjarar.
Historie |
Landområdet Mahanayim ligg på vart kjøpt i 1892 av Ahavat Zion-organisasjonen Hovevei Zion med mål om å opprette ein moshava i området. I 1898 slo fleire familiar frå Galicia seg ned i området og kalla han opp etter den bibelske byen i Gilead, der Jakob var før han igjen møtte broren Esau og såg englar. Dei første innbyggjarane klarte seg dårleg. Jewish Colonization Association prøvde å få dyrka tobakk i området, men òg dette var mislukka og landsbyen vart fråflytta i 1912.
I 1916 kom ein kvutza av Poale Zion-medlemmar til området, og grunnla den første arbeidarbusetjinga i Øvre Galilea. I 1922 vart han ein moshav, men vart fråflytta i 1928.
Landsbyen vart busett ein tredje gong i 1939 av medlemmar frå kibbutzen Yodfat frå Safed.
Ben Ya'akov lufthamn ligg like sør for kibbutzen.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Mahanayim» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2015.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Øvre Galilea regionale kommune | |
---|---|
Kibbutzim | Ami'ad · Amir · Ayelet HaShahar · Bar'am · Dan · Dafna · Gadot · Gonen · HaGoshrim · Hulata · Kadarim · Kfar Blum · Kfar Giladi · Kfar HaNassi · Kfar Szold · Lehavot HaBashan · Mahanayim · Malkia · Manara · Ma'ayan Barukh · Misgav Am · Neot Mordechai · Sasa · Sde Nehemia · Shamir · Snir · Tziv'on · Yiftah · Yir'on |
|