Talet 10

Multi tool use
Talet ti i ulike talsystem: | |
1010 |
binært |
12 |
oktalt |
10 |
desimalt |
A |
heksadesimalt |
X |
romartal |
Ti (10) er eit naturleg tal som følgjer talet ni og blir etterfølgd av 11.
Det er eit triangulært tal sidan 1 + 2 + 3 + 4 = 10.
Det desimale talsystemet, eller titalssystemet, byggjer på titalet, og er det folk flest bruker i daglegdags rekning. Alle heiltal i dette systemet kan bli ganga med ti ved å leggja til ein null. Ein reknar med at dette talsystemet er blitt så utbreitt av di menneske har ti fingrar.
I SI-systemet tyder prefikset deka- (frå gresk) ti, medan desi- (frå latin) tyder tidels.
CLZuPk