Lunde i Telemark



















































Lunde

tettstad

Lunde kirke Nome.jpg


Lunde kyrkje frå 1872

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Telemark

Kommune

Nome

Areal
1,58 km²

Folketal
1 578 (2017)
Folketettleik

999 / km²



Postnummer
3825 LUNDE

Innbyggjarnamn
lundehering
Preposisjon

i Lunde


Lunde er ei bygd og ein tettstad i Nome kommune i Telemark fylke. Her ligg Lunde kyrkje.




Innhaldsliste






  • 1 Bjervamoen tettstad


    • 1.1 Folketalsutvikling




  • 2 Lunde sokn


  • 3 Lunde kommune


  • 4 Næringsliv


  • 5 Språk


  • 6 Sjå òg


  • 7 Andre nettstader


  • 8 Kjelder





Bjervamoen tettstad |




Lunde jernbanestasjon


Tettstaden i Lunde kallast oftast Bjervamoen. Han har 1 578 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg 11 km vest for kommunesenteret Ulefoss og 16 km sør for Bø. Staden har vakse fram som stasjonsby ved Sørlandsbanen, der jarnbanestrekninga (Oslo-)Nordagutu-Lunde opna i 1925, mens strekninga fram til Kristiansand blei ferdig først i 1938.



Folketalsutvikling |































































Folketalsutvikling i Bjervamoen
År


Innbyggjarar

1930
  
417
1946
  
540
1950
  
646
1960
  
826
1970
  
1 500
1980
  
1 653
1990
  
1 515
2000
  
1 288
2009
  
1 512
2012
  
1 506
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar


Lunde sokn |


Lunde sokn høyrde til Bø prestegjeld fram till 1867, då dei to sokna Lunde og Ytre Flåbygd blei utskilde og danna Lunde prestegjeld. I 2002 blei Lunde og Ytre Flåbygd slegne saman til eitt sokn, Lunde og Flåbygd sokn, som i 2013 hadde omtrent 2 875 inbyggjarar, 315 av dei i gamle Flåbygd.



Lunde kommune |


Samstundes som Lunde prestegjeld blei utskilt frå Bø prestegjeld blei det også oppretta som Lunde kommune (2 257 innbyggjarar) etter å ha høyrt til Bø kommune. Lunde kommune (då med 3 080 innbyggjarar) og storparten av Holla kommune blei slegne saman i 1964, då Nome kommune blei skipa.



Næringsliv |


Lundeheringane lever mest av av småindustri og offentleg tenesteyting, og i tillegg er det mange som pendlar ut av bygda. Landbruket har minka i omfang i høve til andre næringar.


I Lunde blei Trollbilen produsert ei kort tid på 1950-talet.



Språk |


Målet i Lunde har høyrt til austtelemåla, med tjukk L av både historisk L (kLam i handa) og gamalnorsk (nypløgd joLe). Det er det sørlegaste av desse måla, med typiske pronomenformer som me, konn og dekkan, men samstundes med innslag av vikværske trekk som t.d. uomlydt langform av sterkt presens (kommer, graver) og ein del monoftongering (hørt, kjørt). Språket til dei seinare par generasjonane har utvikla seg i retning av grenlandsmål. Eitt døme på dette er at den historiske kløyvde infinitiven (å lesa / å skrive) har ein tendens til å bli skifta ut med e-infinitiv i dei historiske jamvekts- og overvektsorda.


I 1908 blei nynorsk innført som målform i nokre skulekrinsar i Lunde, og før 1920 hadde omtrent 90% av skulebarna i kommunen nynorsk som skulemål. Frå 1960-talet minka talet på nynorskelevar stort. Den siste nynorskskulen var på Svenseid, og den blei lagt ned i 2009.



Sjå òg |


  • Tettstader i Telemark


Andre nettstader |


  • Eldre fotografi frå Lunde på nettstaden til Nasjonalbiblioteket


Kjelder |



  • SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Telemark»

  • Kristian Hanto: Språkbruk og språkhaldningar i eit språkdelt skulemiljø : Ungdomsspråk i Lunde i Telemark. Bø: Høgskolen i Telemark 1995.

    Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva