L'Origine du monde, måleri av vulva-området frå 1866 av Gustave Courbet.
Vulva er dei ytre kvinnelege kjønnsorgana, altså det ein kan sjå mellom beina på ei kvinne. Området er sterkt tabubelagt i mange kulturar, der ein unngår å visa det fram eller omtala det. I andre kulturar er derimot dei synlege kvinnelege kjønnsorgana knytte til livgjeving og fruktbarheit, og kan sjåast på som kraftfylde og guddommelege.
Innhaldsliste
1Skildring
2Vulva i religion og kultur
3Omtale av vulva
4Kjelder
5Bakgrunnsstoff
Skildring |
Teikning av vulva der kjønnsleppene er drege noko frå kvarandre. Ein kan her sjå klitoris og skjedeopninga.
Dei ytre kjønnsorgana til kvinna omfattar
store eller ytre kjønnslepper (labia majora)
små eller indre kjønnslepper (labia minora)
mellomkjøtet (perineum)
venusberget (mons pubis)
føregarden (vestibulum) med skjedeopninga
Bartholins kjertlar
urinrøyrmunningen
kitlar (klitoris)
Dei ytre delane av vulva er dekte av kjønnshår etter puberteten.
Vulva i religion og kultur |
Stilisert helleristing av vulva frå steinalderen.
Irsk Sheela na Gig-figur som viser fram kjønnsorganet sitt.
Innan fleire religionar finn ein døme på at vulva er blitt framheva i skulpturar eller framstilt for seg sjølv, gjerne i ei stilisert form. Visse former for hinduisme tilber framleis yoni, ei vulvaframstilling, som symbol på kvinneleg kraft.
Omtale av vulva |
Fordi vulva er eit tabuområde, er det knytt mange tabuord til kroppsdelen. Tabuet har også ført til at ein feilaktig bruker vagina, det latinske ordet for skjeden, om dei ytre kjønnsorgana.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Vulva» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2008.
http://www.oncolex.no/Vulva.aspx
Bakgrunnsstoff |
Menneskelege kjønnsorgan
Hos kvinna: vulva (med klitoris), kjønnslepper, vagina, eggleiarar, eggstokkar, livmor Hos mannen: penis, testiklar, prostata, sædleiarar, sædblærer
Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...