Stavang
Stavang | |
stad | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Flora |
Postnummer | 6944 STAVANG |
Preposisjon | i Stavang |
Stavang er ei bygd i Flora kommune i Sogn og Fjordane.
Stavang ligg ved Brufjorden, nordom Førdefjorden og sør for Stavøya. I åra då Bru var eigen kommune, 1932–1963, var Stavang kommunesenter.
Stavang har kyrkje, Stavang kyrkje frå 1957,[1] og ein daglegvarebutikk med post og bensinpumpe.[2]
Innhaldsliste
1 Samferdsle
2 Kjelder
2.1 Referansar
3 Bakgrunnsstoff
Samferdsle |
Fylkesveg 611 går frå Stavang austover på nordsida av Førdefjorden til Naustdal der vegen møter Riksveg 5. Fylkesveg 547 i Sogn og Fjordane går frå Stavang via bru over Stongasundet til Stavøya og utover langsetter øya.
Fylkesveg 542 i Sogn og Fjordane går frå Stavang nordaustover til Eikefjord der han møter Riksveg 5.
Etter vegen er det 46 kilometer til kommunesenteret Florø og 51 kilometer til Førde. Det går òg snøggbåtrute mellom Florø og Svanøy som kjem innom Stavang når det er passasjerar som skal av eller på.[3]
Kjelder |
Referansar |
↑ Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen: «Stavang kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
↑ Nettstaden stavang.no
↑ Nettstaden til Fjord1
Bakgrunnsstoff |
- Kristin Ese: «Vegen langs fjorden mellom Naustdal og Eikefjord» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Nordsjøløypa i Stavang
- Brosyre i pdf-format om Stavang
|