Leversundbrua
Leversundbrua | |
Foto: Bjarne Thune | |
| Transporterer | 57 |
|---|---|
| Kryssar | Leversundet |
| Posisjon | Koordinatar: |
| Utforming | Bogebru |
| Materiale | Betong |
| Total lengd | 152 m. |
Leversundbrua er ei bru som går over Leversundet i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.
Brua, som vart opna i 1964, er 152 meter lang og ein del av Fylkesveg 57. Saman med Undaltunnelen og Lundtunnelen førte ho til samanhengande riksveg frå Fensfjorden til ferjeleiet på Rutledal ved Sognefjorden. Strekninga Leversund-Austgulen-Takle vart også opna samtidig og gav vegsamband til Brekke. Under brua på nordsida av Leversundet finst det fleire jettegryter.
Kjelder |
- Artikkelen er ei omsetjing av «Leversundbrua» frå Wikipedia på bokmål.
|