Petah Tikva




Koordinatar: 32°05′19.78″N 34°53′10.8″E




















































Petah Tikva

פֶּתַח תִּקְוָה, Petah Tiqwa, Petach Tikvah
by

Peta Tikwa.jpg






Våpenskjold



Namneopphav: Port til von

Land

Flag of Israel.svg Israel

Distrikt

Sentral

Koordinatar

32°05′19.78″N 34°53′10.8″E

Areal
35,868 km²

Folketal
213 898 (2012) [1]


Grunnlagd

1878
 - Bystatus

1937
Borgarmeister
Itzik Braverman (valt)




Israel location map.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Petah Tikva


Petah Tikva (hebraisk פֶּתַח תִּקְוָה), òg kalla Em HaMoshavot (Mor til Moshavot), er ein by i Det sentrale distriktet i Israel, 10,6 km aust for Tel Aviv. Han vart grunnlagd i 1878, hovudsakleg av religiøse ortodokse jødar, òg kalla Gamle Yishuv, og vart ein permanent busetnad i 1883 med pengestøtte frå baron Edmond de Rothschild.


I følgje Statistisk sentralbyrå, hadde byen 213 898 innbyggjarar mot slutten av 2012.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Etymologi


  • 2 Historie


  • 3 Byutvikling


  • 4 Økonomi


  • 5 Idrett


  • 6 Venskapsbyar


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Etymologi |


Namnet på Petah Tikva vart valt av grunnleggjarane i 1878 frå profetiet til Hosea (2:15), «Der vil eg gje henne vingardane tilbake, og Akor-dalen skal bli ein port til von. Der skal ho svara som i ungdomsdagane, som då ho drog opp frå Egypt.»



Historie |




Petah Tikva, 1912


Petah Tikva vart grunnlagd i 1878 av religiøse pionerar frå Europa, som var leia av Yehoshua Stampfer, Moshe Shmuel Raab, Yoel Moshe Salomon, Zerach Barnett,[2] og David Gutmann, i tillegg til den litauiske rabbien Aryeh Leib Frumkin som bygde det første huset der. Det var den første moderne jødiske jordbruksbusetnaden i det osmanske Sør-Syria (derfor kallenamnet «Mor til Moshavot») og har sidan vorte ein av dei mest folkerike byane i Israel.


Han var opphavleg meint å vere ein ny busetnad i Akordalen, nær Jeriko, og pionerane kjøpte land i det området. Abdülhamid II oppheva kjøpet og forbaud dei å slå seg ned der, men dei heldt på namnet Petah Tikva som eit symbol på ambisjonane sine.





Beit HaBeton, 1920–1930


Dei kjøpte så eit lite område, 3,40 km² frå landsbyen Mulabbis (variantar: Mlabbes, Um-Labbes), nær kjelda av Yarkon. Sultanen tillet dette, fordi kjøpet deira låg i ei malaria-myr, og dei måtte kome til å flytte når malariaen kom, og grunnla byen Yehud nær den arabisk landsbyen Yehudiyya, kring 20 km mot sør.[treng kjelde] Med pengehjelp frå baron Edmond de Rothschild klarte dei å drenere myrane nok til at dei kunne flytte attende i 1883, og fekk med seg emigrantar frå den første Aliyah, og seinare den andre Aliyah.


Under Sinai- og Palestinafelttoget i fyrste verdskrigen, vart Petah Tikva ein flyktningby for innbyggjarar i Tel Aviv og Jaffa, etter at dei vart sende i eksil av dei osmanske styresmaktene då dei nekta å tene i den osmanske hæren mot dei invaderande britiske styrkane. Byen leid store tap sidan han låg mellom dei osmanske og britiske frontane under krigen.


Petah Tikva vart ein skule for tusenvis av pionerarbeidarar, som studerte jordbruk der før dei sjølv drog ut for å grunnleggje busetnader i andre delar av landet. Jordbruksskulane er framleis aktive i dag. Petah Tikva var òg fødestaden til arbeidarsionistrørsla, inspirert og oppfordra av skriveria til A. D. Gordon som budde i byen.


Det første registrerte arabiske åtaket på jødar i det som skulle verte Israel, fann stad i Petah Tikva i 1886.[3] Petah Tikva var òg åstad for eit arabaropprør i mai 1921, der fire jødar mista livet.[4]


Tidleg i 1920-åra byrja industrien å utvikle seg i Petah Tikva-regionen. I 1921 fekk Petah Tikva status som lokal kommune av dei britiske styresmaktene, og i 1937 fekk han bystatus. Den første borgarmeisteren, Shlomo Stampfer, var son av ein av grunnleggjarane, Yehoshua Stampfer.



Byutvikling |




Nye hus under bygging i Em Hamoshavot


Etter Israel vart skapt i 1948 vart fleire tilstøytande landsbyar – Amishav og Ein Ganim i aust (kalla opp etter ein bibelsk landsby (Josva 15:34)), Kiryat Matalon i vest, mot Bnei Brak, Kfar Ganim og Mahaneh Yehuda i sør og Kfar Avraham i nord – slått saman med Petah Tikva, og folketalet steig til 22 000.


I dag er folketalet over to hundretusen og han er den tredje største byen i Tel Aviv storbyområde («Gush Dan»).


Petah Tikva er delt inn i 33 bydelar.



Økonomi |




Azorim High-Tech park


Petah Tikva har det nest største industriområdet i Israel, etter den nordlege byen Haifa. Industrien er delt inn i tre sonar - Kiryat Aryeh (kalla opp etter Aryeh Shenkar, som grunnla og dreiv Manufacturers Association of Israel og ein pioner innan israelsk tekstilindustri), Kiryat Matalon (kalla opp etter Moshe Yitzhak Matalon) og Segula, og omfattar tekstil, metallhandsaming, tømring, plastikk, matvareindustri, dekk og andre gummiprodukt og såpe.


Fleire høgteknologiselskap har flytta inn i industriområda i Petah Tikva, som no husar det israelske hovudkvarteret til Oracle Corporation, IBM, Intel, Alcatel-Lucent, ECI Telecom og GlaxoSmithKline. Det største datasenteret i Israel, driven av selskapet TripleC, ligg òg i Petah Tikva. Det israelske føretaket Teva, som er ein av dei største medisinprodusentane i verda, har hovudkvarteret sitt i Petah Tikva. Ein av dei leiande matvareprodusentane i Israel, Osem, opna i Petah Tikva i 1976.



Idrett |


Det største stadionet i Petah Tikva har 11 500 seter og heiter HaMoshava stadion. Petah Tikva har to fotballag, – Hapoel Petah Tikva F.C. og Maccabi Petah Tikva F.C..



Venskapsbyar |








  • Det amerikanske flagget Chicago, USA


  • Flagget til Tyskland Koblenz, Tyskland


  • Flagget til Romania Bacău, Romania


  • Flagget til Tyrkia Kadıköy, Tyrkia


  • Flagget til Chile Las Condes, Chile





  • Flagget til Danmark Odense kommune, Danmark


  • Flagget til Noreg Trondheim, Noreg (sidan 1975)



  • Flagget til Sverige Norrköping, Sverige


  • Flagget til Canada Laval i Quebec, Canada


  • Den kinesiske flagget Yiyang, Hunan, Kina






Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Petah Tikva» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. 1,01,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta oktober 30, 2013. 


  2. «זאב וולף ברנדה ז"ל» [Ze'ev Wolf Branda memorial] (på hebraisk). Rishonim.org.il. Henta 6. oktober 2014. 


  3. «Frumkin News – Newsletter No. 34». The Frumkin Family Website. September 2002. Henta 6. oktober 2014. 


  4. «Petah Tikvah». Jewish Agency for Israel. Henta 6. oktober 2014. 







Bakgrunnsstoff |


Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Petah Tikva frå Wikivoyage




  • Offisiell nettstad (en)

  • Bilete av Petah Tikva








































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva