Aasulv Bryggesaa



























Aasulv Bryggesaa
Aasulv Bryggesaa.jpg

Fødd
23. april 1856
Død
3. april 1922
Nasjonalitet Noreg
Parti Venstre
Yrke politikar

Aasulv Olsson Bryggesaa (25. april 1856–3. april 1922) var ein norsk gardbrukar, Venstre-politikar og statsråd frå Hægebostad. Han var 1913-15 kyrkje- og undervisningsminister i Gunnar Knudsen si andre regjering.


Bryggesaa var fødd på garden Bryggeså i Eiken sokn i Hægebostad, der faren var gardbrukar. Sjølv gjekk han ut av Holt seminar i 1877, og var deretter lærar i heimbygda i seks år. I 1878 overtok han farsgarden.


Bryggesaa var medlem av heradsstyret i Hægebostad frå 1884, ordførar frå 1889. Frå 1890 var formann i skulestyret, frå 1882 styreformann i Hægebostad sparebank og åstadskommissær. Han hadde også verv på fylkesnivå og vidare, så som styremedlem for både amtssjukehuset og formann i komiteen som skaffa amtet ein eigen landbruksskule. Medlem av felleskomiteen for vestlandsbanen og samferdslekomiteen for strekninga Kristiansand-Flekkefjord. Han var medlem av riksskattekommisjonen frå 1912 og fossefallskommisjonen av 1913.


1900–06 var Bryggesaa stortingsrepresentant for Lister og Mandals amt og 1906–15 for valkrinsen Lyngdal. Han var 1900-06 medlem av, 1906-07 sekretær og 1908-12 formann i konstitusjonskomiteen. I 1905 var han sekretær i spesialkomiteen, 1906-09 sekretær i Odelstinget og 1906-07 medlem av særkomiteen om fossefalla. Perioden 1910-12 var han visepresident i Stortinget, i 1912 formann i både reguleringskomiteen og den kombinerte konstitusjons- og protokollkomiteen.


Sist i januar 1913 vart Bryggesaa utnemnd til statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i den andre Knudsen-regjeringa. Han gjekk ut regjeringa av i oktober 1915 og vart etterfylgd av Jørgen Løvland.


Bryggesaa var mellom dei fremste støttespelarane i Venstre for fråhaldsfolket. Han arbeidde jamt og trutt for å fremje landsmålet. Saman med Jørgen Løvland og Nils Trædal fremja han ei meir aktiv line i arbeidet for landsmålet, då dei på landsmøtet i Venstre 1918 gjorde framlegg om å krevje obligatorisk landsmålsprøve ved eksamen frå offentlege skular med morsmålsprøver og ved embetseksamen. Framlegget vart kraftig motarbeidd av partiformannen Gunnar Knudsen og vart vraka. Det heile enda med at landsmøtet vedtok ein programpost som i realiteten gjekk vidare enn den Bryggesaa, Løvland og Trædal hadde fremja.[1] Bryggesaa tala også for røysterett for kvinner og for demokratiserande reformer i kyrkja.


Bryggesaa døydde i 1922 på garden sin i Hægebostad.



Kjelder |



  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914


  • Mjeldheim, Leiv (1978), Parti og rørsle 



Fotnotar |





  1. Mjeldheim 1978, s. 226.




Bakgrunnsstoff |



  • Biografisk informasjon om Aasulv Bryggesaa NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva