Spangereid

Multi tool use
Spangereid er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Vest-Agder.
Frå 1837 var Spangereid ein del av Audnedal (Undal) formannskapsdistrikt saman med Konsmo, Valle og Vigmostad. Spangereid ligg på Riksveg 460 mellom Vigeland og Lindesnes fyr.
I 1844 blei Audnedal delt i to: Sør- og Nord-Audnedal. Spangereid og Valle utgjorde saman Sør-Audnedal kommune. Denne kommunen vart delt igjen i 1897. Valle overtok namnet Sør-Audnedal. Spangereid var sjølvstendig kommune fram til 1964. Frå 1. januar 1965 gjekk størstedelen av Spangereid saman med Sør-Audnedal og Vigmostad til ein ny kommune som fekk namnet Lindesnes kommune. Den vestre delen av kommunen (vest for Lenefjorden) vart ein del av Lyngdal kommune.
Spangereid er eit sokn i Mandal prosti i Agder og Telemark bispedøme. Spangereid har ein av Noregs eldste kyrkjer ; Spangereid kyrkje.
Spangereid har ein av tre barneskular i Lindesnes kommune, Spangereid skole.
Historie |
Spangereid har vore busett i dei aller eldste tider og staden har vore eit solid maktsentrum. Bygda er overstrødd av fortidsminne frå jernalderen, blant desse er ein militærforlegning og Spangereid kanal. Kanalen vart gjenoppbygd og opna att i 2007 for å la båttrafikken gå gjennom den gamle kanalen som i vikingtida. Dette for å sleppe å gå rundt Lindesnes fyr. Det finst òg restar av fleire store båtnaust og ei rekkje gravhaugar for kongar og stormenn frå vikingtida.
Ei gamal segn frå bygda, gjenfortald av presten og historikaren Peder Claussøn Friis i sin Norges Beskrivelse, utgjeve i 1632, fortel at like innanfor Lindesnes kappskaut kong Olav Trygvasson og unge Einar Tambarskjelve med boge. Det må ha vore ein gong mellom år 995 og 1000 e.Kr., truleg rett før den fatale ferda som enda i slaget ved Svolder. Kongen tok med seg sine menn på kappskyting og valde den naturlege standplassen for konkurransen på toppen av Klovnehaugen, ein stor gravhaug aust for sjølve Spangereid sentrum, Høllen, og skaut over det opne landskapet sørvestover mot Ravnefjellet.
Einar Tambarskjelve med sin store boge skaut ein halv fjerdings veg, eit gamalt avstandsmål som svarer til cirka 1400 meter. Segna fortalde òg om kor pilane til Einar Tambarskjelve og Olav Tryggvason slo ned. Begge vart merkte med høge bautasteinar, og dei står der framleis.
Sjå òg |
Bakgrunnsstoff |
- Spangereid.no
- Heltenes kappskyting
wHvckjaWiCQXaiUss,KhvYq31muj,1nVzE cCtKX OOre
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...