Lipetsk
Lipetsk Липецк | |||
|---|---|---|---|
Russisk-ortodoks kyrkje i Lipetsk | |||
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Føderasjonssubjekt | Lipetsk oblast | ||
| Grunnlagd Bystatus | 15. juli 1703 16. september 1779 | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By | 318 km² | ||
| Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik | 502 600 1 580,5 /km² | ||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 160 moh | ||
| Tidssone - Ved sommartid | MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 398600 | ||
| Retningsnummer (tlf) | (+7)4742 | ||
| Bilnummer | 48 | ||
Nettstad: www.lipetskcity.ru | |||
Lipetsk (kyrillisk skrift Ли́пецк) er ein by i Russland og administrativt senter i Lipetsk oblast. Han ligg ved breidda av elva Voronezj, 438 km søraust for Moskva.
Historie |
Lipetsk vart først nemnd i krøniker frå 1200-talet. I 1284 vart busetjinga øydelagd av mongolane.
I 1703 gav Peter den store ordre om å få bygd ein støypejernsfabrikk i Lipetsk, nær jernmalmførekomstar, for å lage granater. I 1779 vart Lipetsk ein av dei største byane i Tambov gubernija.
Dei største industriane i Lipetsk er jernindustri, metallarbeid, maskinproduksjon, motorar, kjemikalar, mat og klede.
Lipetsk er ein av dei eldste kurstadane i Russland og opna første gong i 1805. Torvgjørme og jernmedisinsk hydrogenkarbonat og kalsiumhaldige kjelder vert nytta til å behandle pasientar. Svovel- og klorhaldig natriumvatn vert nytta til både terapøytiske bad og som drikkevatn.
Bakgrunnsstoff |
Byar i Lipetsk oblast | ||
|---|---|---|
Administrativt senter: Lipetsk | ||
Dankov · Grjazi · Jelets · Lebedjan · Tsjaplygin · Usman · Zadonsk | ||