Johan Ernst Gunnerus

Multi tool use
Johan Ernst Gunnerus |

|
Fødd |
26. februar 1718 Christiania
|
Død |
23. september 1773 Kristiansund
|
Nasjonalitet |
Noreg |
Område |
botanikk, mykologi, ornitologi, teologi
|
Yrke |
botanikar, ornitolog, karsporeplanteekspert, bryologist, prest, zoolog, teolog, lichenolog, universitetslærar, mykolog
|
Institusjonar |
Københavns Universitet |
Medlem |
Kungliga Vetenskapsakademien Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
|

Plansje frå
Flora Norvegica som viser selsnepe
Johan Ernst Gunnerus (16. februar 1718–25. september 1773) var ein norsk biskop og naturforskar, særleg kjend som ein av stiftarane av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i 1760.
Liv og gjerning |
Gunnerus vart fødd i Christiania, der faren var stadsfysikus (bylege). Han tok ein framifrå eksamen artium i 1737. Etter eit kort mellomvere i København studerte han filosofi og teologi på eigenhand, inntil han reiste til København att i 1740. Han budde to år i den dansk-norsk hovudstaden, før han fekk kongeleg stipend og reiste til Halle. Der studerte han i to år, medan han arbeidde som hovmeister hos en adelsmann. År 1745 kom han til universitetet i Jena, og vart magister i filosofi på tampen av året. Frå 1748 heldt han forelesingar ved universitetet i byen. I tillegg arbeidde han på sitt verk om natur- og folkeretten, som kom ut i perioden 1748–52.
I Danmark i 1754 vart Gunnerus utnemnd til professor og lærar i hebraisk. Han kom til København ved påske 1755 og vart ordinert 12. juni. Her forelas han over teologi, logikk, metafysikk, natur- og folkerett. 31. juli 1758 vart han utnemnd til biskop i Trondheim. Her oppretta han i 1760 Det Trondhiemske Selskab, frå 1767 kjent som Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, saman med Peter Frederik Suhm og Gerhard Schøning.
Som naturforskar gav Gunnerus ut ei rekke avhandlingar i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter, både innan zoologi, botanikk og mineralogi. Viktigast er tobandsverket Flora Norvegica, 1766 og 1772.
Gunnerus var ein av dei første som kom med framlegg om eit eige universitet i Noreg. Han føreslo at det skulle leggast til Kristiansand. For å fremje denne saka, reiste han i 1771 til reise til København, og vende tilbake til Trondheim sommaren 1772. Under ein bispevisitas i Kristiansund døydde Gunnerus hausten 1773.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Johan Ernst Gunnerus» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2014.
Autoritetsdata |
- WorldCat
- BIBSYS
- VIAF
- GND
- LCCN
- ISNI
- LIBRIS
- SUDOC
- NKC
|
|
BQCOtxYQHDTMM7VwmRBo9zXusqI9 8WRHz gKV6WHkZaQ
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...