Kjønnslemlesting






Kart som viser den omtrentlege utbreiinga av kjønnslemslesting i Afrika. Mørkare fargar inneber større utbreiing i befolkninga.


Kjønnslemlesting, også kalla kvinneleg omskjering, er eit inngrep som inneber borttaking av heile eller delar av dei ytre kvinnelege kjønnsorgana, det vil seie klitoris, ytre og eventuelt indre skamlepper. Inngrepet blir utført på jenter i delar av Afrika (sjå kart) og Asia (hovudsakleg i Jemen) som eit overgangsrituale, og blir blant gruppene som utfører dei sedd på som ein føresetnad for at jenta skal kunne bli gift. Kjønnslemlesting er ulovleg i Noreg.


Kvinneleg omskjering kan ikkje samanliknast med mannleg omskjering. Mannleg omskjering har liksom den kvinneleg ofte ein rituell funksjon, men blir òg ofte utført av medisinske grunnar. Mannleg omskjering inneber ikkje noko handikap eller nedsett seksuell evne, noko som oftast er tilfellet med kvinneleg omskjering.


Den norske regjeringa har i 2007 kome med ei rekkje tiltak mot påstått kvinneleg omskjering blant somme innvandrarar i Noreg.



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |


  • I hovudsak svensk wikipedia.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva