Valentin Sibbern
Valentin Sibbern | |
Portrett av Valentin Sibbern frå Eidsvoll 1814. Ukjent kunstnar. | |
Fødd | 9. september 1779 Rygge i Østfold |
---|---|
Død | 1. januar 1853 (73 år) Rygge i Østfold |
Parti | Sjølvstendepartiet[1] |
Yrke | Offiser, jurist, amtmann og statsråd |
1. verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll |
2. verv | Stortingsrepresentant |
- periode | 1814, 1815-1817, 1818-1820, 1821-1823 og 1824-1826[2] |
3. verv | Stiftamtmann i Akershus |
- periode | 1822-1830 |
4. verv | Statsråd i fleire departement |
- periode | 1830-1850[2] |
Valentin Christian Wilhelm Sibbern (9. september 1779–1. januar 1853) var ein norsk offiser, embetsmann, eidsvollsmann og statsråd frå Rygge i Østfold.
Sibbern var fødd på Værne kloster i Rygge. Han kom i 1793 inn på landkadettakademiet i København, og vart i 1796 utnemnd til sekondløytnant. Etter faren døydde same året budde han på familieeigedomen Værne kloster, som han overtok i 1800. Under eit opphald i København i 1801 tok han dansk juridisk eksamen.
Sibern vart rittmeister i 1809 og samstundes sjef for Rakkestad kompani. I 1812 vart han major i akershusiske ridende Jægerkorps.
1814 vart han vald til representant ved riksforsamlinga for jegerkorpset og for Smaalenenes amt, og vart ved fullmaktsprøvinga rekna som utsending for fyrstnemnde. På Eidsvoll var han ei tid mistenkt for å helle til grev Wedels parti, men var fyrst og fremst ein tilhengar av Kristian Frederik. Han møtte også på det overordentlege storting 1814, som representant for den del av Smaalenenes amt som ikkje var okkupert av svenske troppar.
28. november 1814 vart han utnemnd til amtmann i Smaalenenes amt. Ni år seinare, 1823, vart han utnemnd til stiftsamtmann over Akershus stift, og til amtmann over Akershus amt. Inntil vidare skulle han halde fram som amtmann i Smaalenenes amt.
Sibbern vart vald til stortingsrepresentant for Smaalenenes amt til stortinga 1815-16, 1818, 1821 og 1822, og for Christiania til stortinget 1824. I åra 1818, 1821, 1822, 1824 var han president i stortinget og i lagtinget. Han var dessutan president i riksretten 1821. Elles var han formann for ei rekke stortingskomitear.
Både i 1828 og 1841 fekk Sibbern tilbod om å overta posten som norsk statsminister i Stockholm, avslo begge gongane. Derimot tok han 1830 imot tilbodet om å gå inn i regjeringa som statsråd, og var med i denne inntil han fekk avskjed i 1850. Som statsråd styrte han dels revisjonsdepartementet, dels justis-, dels armé-, dels marine- og dels finansdepartementet.
Frå 1850 til han døydde budde Sibbern i Rygge.
Sibbern var far til Carl Sibbern og Georg Sibbern og bror til Arild Sibbern.
Utmerkingar |
Sibbern var innehavar av St. Olavs Orden, Sverdordenen og Nordstjerneordenen.
[3]
Kjelder |
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
↑ Valentin Christian Wilhelm Sibbern frå Eidsvoll 1814
↑ 2,02,1 Biografisk informasjon om Valentin Sibbern NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
↑ Valentin Sibbern frå Norsk biografisk leksikon
Bakgrunnsstoff |
Valentin C.w. Sibbern i Folketeljinga 1801 frå Digitalarkivet. (Rygge prestegjeld)
Noreg i 1814 | |
---|---|
Historisk bakgrunn | Napoleonskrigane · Danmark-Noreg · Einevelde · Kielfreden |
Internasjonale hovudpersonar | Fredrik VI · Karl III Johan · Kristian Fredrik · Napoléon Bonaparte |
Stormannsmøtet på Eidsvoll | Carsten Anker · Peder Anker · Peter Anker · C.D.A. Arenfeldt · Frederik Bech · Christopher Bergh · Ludvig Frederik Brock · Kristian Fredrik · Jonas Collett · Hans Hagerup Falbe · Johan Friedrich Wilhelm Haffner · Frederik Gottschalk von Haxthausen · Poul Christian Holst · Otto Lütken · Jacob Nielsen · Hans Henrik Rode · Marcus Gjøe Rosenkrantz · Johannes Klingenberg Sejersted · Mathias Sommerhielm · Georg Sverdrup · Carsten Tank · Niels Treschow |
Regjeringsrådet | Carsten Anker · Jonas Collett · Thomas Fasting · Frederik Gottschalk von Haxthausen · Diderich Hegermann · Poul Christian Holst · Carl Henrik Holten · Marcus Gjøe Rosenkrantz · Mathias Sommerhielm · Carsten Tank · Jørgen Herman Vogt · Niels Aall |
Eidsvollmennene | Ole Olsson Amundrød · Peder Anker · Ole Rasmussen Apeness · Peder Paulsen Balke · Claus Bendeke · Omund Bjørnsson Birkeland · Gustav Peter Blom · Sivert Pålsson Bratberg · Thomas Bryn · Didrich von Cappelen · Henrik Carstensen · Wilhelm F.K. Christie · Peder Jørgen Clouman · Johan Collett · Carl Dahl · Jacob Darre · Christian Adolph Diriks · Niels Dyhren · Syvert Omundsson Eeg · Just Henrik Ely · Jens Erichstrup · Petter Johnsen Ertzgaard · Ole Olsen Evenstad · Jens Fabricius · Christian Magnus Falsen · Palle Fleischer · Richard Floer · Lars Larssen Forsæth · Helmer Gjedeboe · Brynjel Andersson Gjerdåker · Hans Jacob Grøgaard · Anders Hanssen Grønneberg · Pål Torsson Harildstad · Hans Haslum · Diderich Hegermann · Andreas Michael Heiberg · Frederik Heidmann · Iver Magnussen Hesselberg · Hieronymus Heyerdahl · Peder Pedersson Hjermann · Kristoffer Borgersson Hoen · Ole Holck · Christian Horneman · Peter Hount · Talleiv Olavsson Huvestad · Enevold Høyum · Ole Svensson Iglerød · Lars Johannes Irgens · Georg Jersin · Peder Johnsen · Erik Haagensen Jaabæk · Andreas Kiønig · Christian Christensen Kollerud · Thomas Konow · Arnoldus Koren · Hilmar Meincke Krohg · Even Torkildsson Lande · Jacob Erik Lange · Thor Reiersen Lilleholt · Nils Johannesson Loftesnes · Gabriel Lund · Teis Lundegaard · Osmund Andersson Lømsland · Anders Lysgaard · Severin Løvenskiold · Zacharias Melleby · Frederik Meltzer · Hans Midelfart · John Moses · Frederik Motzfeldt · Peter Motzfeldt · Christen Mølbach · Alexander Møller · Ole Mørch · Nicolai Nielsen · Hans Hein Nysom · Christopher Omsen · Daniel Frederik Petersen · Peter Blankenborg Prydz · Anders Rambech · Eilert Ramm · Asgaut Olsson Regelstad · Jonas Rein · Andreas Rogert · Jens Rolfsen · Peder Rosenkilde · Gullik Madssen Rød · Nicolai Scheitlie · Frederik Schmidt · Peter Schmidt · Arild Sibbern · Valentin Sibbern · Daniel Larsson Skjevik · Hans Stabel · Frederik Wilhelm Stabell · Paul Steenstrup · Carl Stoltenberg · Jens Stub · Georg Sverdrup · John Hansen Sørbrøden · Even Thorsen · Olav Knutsson Tveiten · Elling Olsson Valbø · Helge Ellingsen Waagaard · Georg Wasmuth · Herman Wedel-Jarlsberg · Laurits Weidemann · Nicolai Wergeland · Gregers Wulfsberg · Jacob Aall · Jørgen Aall |
Andre personar | Johan Gunder Adler · Magnus Björnstjerna · Edmund Bourke · Peder Bugge · Ole Detlevsen · Christian Emanuel Fischer · Nils Christian Frederik Hals · Johan Caspar Krogh · Mathias Bonsak Krogh · Claus Pavels · Hans H. Rode · Carl von Schmettow · Anders Fredrik Skjöldebrand · Nicolai Emanuel de Thygeson |
Hendingar | Bankmøtet · Regjeringsrådet/statsrådet i 1814 · Stormannsmøtet på Eidsvoll · Riksforsamlinga på Eidsvoll · Medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll · Sjølvstendepartiet · Unionspartiet · Krigen med Sverige · Slaget ved Langnes skanse · Stortinget i 1814 · Stortingsrepresentantar 1814 |
Lovverk | Den norske grunnlova · Jødeparagrafen · Mossekonvensjonen · Novembergrunnlova |
Plassar | Eidsvollsbygningen · Eidsvoll 1814 · Moss Jernverk · Konvensjonsgarden · Spydeberg prestegard |
Anna | Lærdalsferda · Eidsvollgarantien · Einige og tru til Dovre fell · Måleriet Eidsvold 1814 · Grunnlovsjubileet i Noreg i 2014 · Valkyrkje · Quodlibet |
|