Lima
Lima | |||
---|---|---|---|
| |||
Motto «Hoc signum vere regum est» | |||
Styresmakter | |||
Land Region Provins | Peru Lima Lima | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 2 672 3 km² | ||
Innbyggjarar | 7 605 742 (2007) | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Tidssone | PET (UTC-5) | ||
Diverse anna | |||
Nettstad: www.munlima.gob.pe |
Lima er hovudstad og største by i Peru med 7,2 millionar innbyggjarar (2000, inkludert hamnebyen Callao). Byen ligg midt i Peru i nord-sør-retning og ved stillehavskysten.
Sentrum i Lima vart utnemnt til verdsarvsområde av UNESCO i 1991.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Geografi
3 Kommunikasjonar
4 Turistattraksjonar
4.1 Museum
4.2 Plassar å besøke
4.3 Callao
4.4 Andre historiske plassar
4.5 Folklore
4.6 Mat
5 Kjende personar
6 Bakgrunnsstoff
7 Referansar
Historie |
Lima skal, ifølgje historia, ha vorte grunnlagt av Francisco Pizarro 6. januar 1535 og fekk derfor namn etter dei tre vise mennene: Ciudad de los Reyes eller Los Reyes. Nøye rekna synast grunnlegginga å ha skjedd 12 dagar seinare, men plasseringa av byen vart bestemt 6. januar. Det kastillanske namnet på byen vart bruka i starten, men vart så erstatta med namnet «Lima», som somme trur er ei forvansking av namnet på elva Rímac. (Rímac kjem frå quechua og tyder 'pratsam'). I ein periode var begge namna i bruk på kart.
Geografi |
I havet utanfor byen møtest varme og kalde havstraumar. Om vinteren gjev dette eit konstant disig vêr med høg luftfukt og temperaturar ned mot 14-15 grader. Det regnar mesta aldri, men luftfukta kan falle ut av lufta i form av noko som liknar regn («lluvisna» eller «garuba»). Mot slutten av året, når sommaren kjem, klårnar sikta og temperaturen i desember-februar ligg som oftast på 20-25 grader.
Ei segn i Lima seier at dei invaderande spanjolane hadde spurt lokalbefolkninga kor den beste staden å bygge ein by var, og lokalbefolkninga hadde (som hemn) peika ut plassen der byen ligg. Mange ser på klimaet her som det verste i heile Peru; nokre mil sør for Lima er det mykje meir sol. Lima har berre 1284 soltimar i året, 28,6 timar i juli og 179,1 timar i januar eineståande låge verdiar, vurdert ut frå breiddegrad.[1]
Kommunikasjonar |
- Den internasjonale flyplassen Jorge Chávez
- Hamna i Callao
- Motorvegen Panamericana Sur og Panamericana Norte
Turistattraksjonar |
- Plaza de Armas
- Catedral de Lima
- Palacio de Gobierno
- Hus frå kolonitida
- Puente de Piedra
- San Francisco de Asis
- San Pedro
- La Merced
- Convento de Santo Domingo
- San Agustin
- Monasterio de Santa Rosa de Lima
- Pachacamac
Museum |
- Museo de la Nacion
- Museo Nacional de Arqueología, Antropología e Historía
- Museo de Oro
- Museo Arqueológico Rafael Larco Herrera
- Museo Pedro de Osma
- Museo de Arte
Plassar å besøke |
- Centrala Lima
- Miraflores
- San Isidro
- Barranco
- Costa Verde
Callao |
I hamnebyen Callao ligg både ei stor hamn og flyplassen til Limas.
- Marinemuseet (Museo Naval)
- Fortaleza Del Real Felipe
- Hamna i Callao
- La Punta
Andre historiske plassar |
Universidad Nacional Mayor de San Marcos grunlagt i 1551 og dermed det eldste universitetet i Amerika.
Folklore |
- Señor de los Milagros
Mat |
Chifa blir kalla den peruvianske varianten av kinesisk matlaging.
Kjende personar |
- Francisco Pizarro
- Santa Rosa de Lima
- San Martin de Porres
- Ricardo Palma
Bakgrunnsstoff |
Referansar |
↑ [1]
|