Alaskabukta






























Alaskabukta
bukt

Morning Fog Banks on the Gulf of Alaska.jpg

Skodde i Alaskabukta

Land

Flag of the United States.svg USA
Stat

Alaska

Breidd
1 342 km[1] km
Areal
1 533 000 km²



Wikimedia Commons: Gulf of Alaska


Alaskabukta (engelsk Gulf of Alaska) er ei bukt som strekkjer seg langs sørkysten av den amerikanske delstaten Alaska. Bukta utgjer havområdet innanfor ei tenkt line på 1 342 kilometer frå det sørlegaste punktet på øya Kodiak i vest til Dixon Entrance, mellom øyane Dall i Alaska og Graham i canadiske British Columbia i aust.[2]


Frå kysten av Alaskabukta går det ei rekkje fjordar, bukter og sund. Den lengste av desse er 290 kilometer lange Cook Inlet, som ligg vest for Kenaihalvøya. Aust for halvøya ligg Prince William-sundet. Langs austkysten ligg Alexanderarkipelet med over tusen øyar.


Naturen langs kystlina er ein kombinasjon av skog- og fjellområde med flere isbrear, mellom anna dei to største i Alaska, Malaspina- og Beringbreen. Store delar av området er verna. Mellom anna ligg Kenai Fjords, Warangell-St. Elias og Glacier Bay nasjonalpark her.



Sjå ògg |


  • Exxon Valdez-forliset


Kjelder |




  1. Lengdemål gjort i Google Maps.


  2. Geographic Names Information System, Feature Detail Report for: Gulf of Alaska. Besøkt 3. september 2014. (en)



  • Denne artikkelen bygger på «Alaskabukta» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2017.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva