Amsterdam av Jacques Brel





Sjå òg Amsterdam (fleirtyding).























«Amsterdam»
Låtskrivar

Jacques Brel
Publisert
1964
Språk
fransk
Opphavleg artist

Jacques Brel
Innspelt av

Jacques Brel, Scott Walker, David Bowie, De Dijk, Acda en De Munnik, Hector, John Denver, Bellowhead

«Amsterdam» er ein song av Jacques Brel. Han kombinerer eit mektig melankolsk crescendo med ei rik poetisk soge om sjømenn på land i Amsterdam.


Songen er ein lett modifisert versjon av den tradisjonelle engelske folkevisa «Greensleeves».[1]


Brel spelte aldri songen inn for eit studioalbum og den einaste versjonen hans finst på konsertalbumet Enregistrement Public à l'Olympia 1964. Trass i dette vart det ein av dei mest kjende songane hans. Songen var ein av Brel-songane som Mort Shuman sette om til engelsk for musikalen Jacques Brel is Alive and Well and Living in Paris.


Brel arbeidde på songen i huset sitt med utsikt over Middelhavet ved Roquebrune-Cap-Martin, huset han delte med Sylvie Rivet, ein publisist for Philips; ein stad ho hadde introdusert han for i 1960. «Det var ein ideell stad for å han og skrive musikk, og tilfredstille lidenskapen hans for båtar og fly. Ein morgon, klokka seks, las han teksten til Amsterdam til Fernand, ein restauratør som var på veg ut for å fiske skorpionfisk og havål for bouillabaisse. Fernand braut ut i gråt og opna nokre kråkebollar for å kontrollere kjenslene sine»[2]


Robert Guillaume skreiv i memoarane sine at då han først song «Amsterdam» i Village Gate i januar 1968 så var det ein «forbløffande lang stille då songen var over, etterfølgd av eit brøl så høgt at eg skvatt».



David Bowie-versjonen |


Bowie såg musikalen Jacques Brel Is Alive and Well and Living in Paris då han hadde debut i Village Gate i Greenwhich Village sommaren 1968. Stykket hadde ingen libretto, berre ei rekkje av Brel sine songar omsett av Mort Shuman (som òg spelte i stykket) og Eric Blau.


Seint i 1968 hadde Bowie byrja å spele «Amsterdam» med visetrioen sin og hadde med seg songen i repertoaret sitt fram til 1972. Han erstatta stundom songen med Brel sin «My Death». Bowie meinte til og med å ende side ein av The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars med studioversjonen sin av «Amsterdam». Songen som avsluttar side to, «Rock and Roll Suicide» er ein slags tematisk tvilling, Bowie sin eigen rockeversjon av ein Brel-song.[3]


Bowie vart inspirert av teksten til Amsterdam til å knyte sine eigne tekstar meir direkte til røyndomen og bruke sceneteknikk for å byggje meir gjenlydande songar.[3] Bowie tok òg kjensla av apokalyptisk timing frå «Amsterdam», med tanke på korleis songen byrjar roleg, med hamna som sakte vaknar opp, og byggjer seg til eit vilt fylleslagsmål.[3] Bowie sine forskjellige versjonar av «Amsterdam» er vel så mykje tokingar av Scott Walker si innspeling som det er av Brel sin.


Bowie spelte først inn «Amsterdam» på Sunday Show på BBC den 5. februar 1970. Denne innspelinga finst på Bowie at the Beeb. Han spelte òg songen for Sounds of the ’70s på BBC den 21. september 1971. Studioinnspelinga av «Amsterdam» vart gjort sommaren 1971 under dei første dagane av innspelinga av Ziggy Stardust. Songen kom til slutt ikkje med på albumet og han vart gjeven ut som B-sida til singelen «Sorrow» i november 1973.


Bowie-versjonen er gjeven ut på:



  • Den tyske nyutgjevinga av singelen «Alabama Song» frå juli 1982 hadde «Amsterdam» som B-side.

  • Samleplata Rare frå 1983.

  • Han vart gjeven ut som biletdisk i RCA-setta Life Time og Fashion Picture Disc Set.


  • Rykodisc-utgåva av Pin Ups i 1990 der «Amsterdam» var bonusspor.

  • Bowie at the Beeb frå 2000. Opptak frå 1970.



Andre versjonar |


Andre som har gjeve ut songen er:




  • Scott Walker spelte inn fleire av dei omsette Brel-songane seint i 1960-åra.

  • Take Me To Tomorrow av John Denver i 1970.


  • Hedonism av Bellowhead i 2010.


  • Dave Van Ronk på albumet Van Ronk i 1971.


  • The Dresden Dolls spelte ofte songen på konsertar med engelsk tekst.


  • Goodbye Mr. Mackenzie spelte ein versjon av songen for det amerikanske debutalbumet Good Deeds & Dirty Rags

  • Dei nederlandske artistane De Dijk og Acda en De Munnik spelte begge inn nederlandske versjonav songen.


  • Ute Lemper spelte ein versjon av «Amsterdam» på både engelsk og fransk i 2002 på albumet But One Day....

  • Det norske bandet Navigators spelte ein versjon av songen i 2010 for albumet The Straight and Narrow.

  • Den irske kabaretsongaren Camille O'Sullivan song songen som ein del av showet sitt med Spiegeltent.

  • Ein polsk versjon av «Amsterdam», med tekst av Wojciech Młynarski, vart mellom andre framført av Piotr Zadrożny og Katarzyna Groniec.

  • Songen vart omsett til tysk og sungen av Hildegard Knef mot slutten av konsertkarrieren hennar.

  • Den finske visesongaren Hector spelte ein versjon av songen på finsk for albumet Yhtenä iltana (1990).

  • Den slovenske skodespelaren Branko Završan omsette og spelte inn «Amsterdam» for albumet Senca tvojga psa i 2008.

  • Den irske visesongaren Jack L


  • Rod McKuen gjorde si eiga omsetjing av «Amsterdam» for albumet Rod McKuen Sings Jacques Brel.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Amsterdam (Jacques Brel song)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. http://www.whosampled.com/sample/view/49760/Jacques%20Brel-Amsterdam_Traditional%20Folk-Greensleeves/


  2. Paris Match no 2992 September 2006


  3. 3,03,13,2 Chris O’Leary. «Amsterdam». Pushing Ahead of the Dame. Henta 19. januar 2016. 










Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva